Eg trur blått hav er noko med det vakraste eg veit (etter barnebarna mine).
Scenografien i dette målarstykket, er det ikkje noko å seia på - når ein ser vekk frå trafikk og flygande plastposar.
Men her er det uro i kulissene.
Sterke krefter, med mykje pengar, kjøper seg inn og et seg oppetter liene. Dei lokale er urolege. Eg høyrer stadig at dei uttaler seg i skeptiske tonelag. Familiar som ikkje ser seg råd til å halda på eigedomar, ynskjer sjølvsagt å selja.
Og slik vert det snakka meir og meir framande språk bak høge murar og skilt med "private property".
Det vart ein liten busstur, før eg hoppa av i ein forholdvis liten by kor eg aldri har vore i tidlegare.
Idyllisk, stille, reint og fullt av turistar.
Litt overraskande det siste der faktisk, men eg var der jo eg. Så då må ein jo rekna med at andre finn vegen dit også.
Kritsa er mest kjend for produksjon av olivenolje.
I 1927 danna ei gruppe lokal olivenprodusentar Landbrukskooperativet Kritsa. Gruppa opna eigen fabrikk for olivenproduksjon i landsbyen i 1934.Denne olja har vunne gjeve internasjonale prisar.
Det vart ikkje noko olje-smaking på meg, men eg tusla rundt i nokre timar, før eg fann vegen ned att til havet, som også her opp ifrå kunne skimtast i det fjerne.
Framtida kan ingen spå.
Jaaa, endelig fant du veien til Kritsa! Det var endestoppet på veien vår over fjellet med den engelske guiden eg har fortalt deg om. Nydelig liten landsby, ja. Og Kritsaolje hadde de noen år på Mega i Øystese. Tenk det😄T.
SvarSlettDer som her dessverre - Evig eies kun det tapte. A
SvarSlett