Eg har i alle alle år har trudd at dette var ein privat eigedom som til liks med så mange andre eigedomar, var forsømt og stod til nedfalls. Det stod tidlegare til og med eit skilt med til sals på bygninga.
Så ikkje så rart at eg konkluderte med ovanståande.
Og så feil kan ein ta når ein ikkje les seg opp på historia til residensane i nabolaget.
I fylgje ein reiseguide på nettet, har me her å gjera med ein bygning med ein lang og særeigen historie.
Bygninga vart sett opp i 1616 av den venetianske føydalherren i området, nokre år før den kretiske krigen og osmanarane sin okkupasjon av Kreta. Eigedomen er fyrste gong avbilda i ei gravering frå 1638 og er ein av dei få gjenverande av i alt 120 føydale landlege residensar frå den venetianske perioden på Kreta.
I løpet av den osmanske perioden vart eigedomen hovudsakleg nytta som residens for Aga Papoutsoglou. Det vart då gjort nokre inngrep som å leggja til eit hamman (tyrkisk bad) og å leggja tegltak.
Etter 1943 vart bygninga brukt til flyktningar medan den sidan 1980 er erklært som eit monument av den greske staten.
Landa her omkring kan fortelja ei historie som faktisk fysisk kan sporast så langt attende at det er vanskeleg å fatta.
Det er møysommeleg grave fram bygningar, svære krukker, små figurar, smykker, gravkammer, skrifter, verktøy og mykje meir.
Det er møysommeleg grave fram bygningar, svære krukker, små figurar, smykker, gravkammer, skrifter, verktøy og mykje meir.
Dettte er gjenstander som syner aktive, siviliserte og oppegåande samfunn så langt attende som til i alle fall 2500 før vår tidsrekning.
Eg kjenner meg som ein ørliten prikk i den store samanhengen.
Fantastisk historie- har du vore inn i bygninga? Artig med da Aga- navnet 😉😁
SvarSlettEtter å ha loffa eit langt liv rundt i verda, kjem Aasmund Olavsson Vinje sine tankar, ord og gjerningar fram på, over, mellom og under desse dine linjer Inger. Medan eg deg les, dukkar "no ser eg atter slike fjell og dalar" opp og fram under topploket. Alltid kjekt å lesa fengjande lokale kunnskapar som du tek til deg og deler!
SvarSlett