Det var klart for nok ein dag med hønsehald.
Og erfaringa frå tidlegare, gjorde at eg utrusta meg med staur og mais.
Men då eg opna porten inn til hønsegarden, gjekk alle hønene og hanen fint over til motsett side.
Enkelt og greitt og svært opplyftande. No har dei skjønt det, tenkte eg.
Dei fekk mat og eg fekk eitt egg - framleis varmt!

Men det var den dagen.
Neste dag angreip hanen porten idet eg tok i den.
Skikkeleg illsint!!
Eg fann ut at det var best å kasta maten inn - og egga, ja dei fekk no berre liggja.
Neste dag angreip hanen porten idet eg tok i den.
Skikkeleg illsint!!
Eg fann ut at det var best å kasta maten inn - og egga, ja dei fekk no berre liggja.
Seinare på dagen hadde eg med meg heim Jorunn og Finn, som i tillegg til Norge, held til vest på Kreta.
Kanskje dei kunne hjelpa meg å hanka inn noko egg?
Det kunne dei. Og med hane og høner som igjen oppførde seg fint, hanka Finn inn 7 egg!
Kanskje dei kunne hjelpa meg å hanka inn noko egg?
Det kunne dei. Og med hane og høner som igjen oppførde seg fint, hanka Finn inn 7 egg!
Eg følte meg beint fram rik.
Me tok turen ut til Spinalonga og etterpå gjekk me opp i gamlebyen kor serien om Øya vart spela inn.
Eg har no i fleire dagar, vore ein slags lokalkjend person for endå fleire kjekke besøk heimanfrå.
Me har besøkt stader i nærområdet, som også eg då får sett på ein ny måte.
Me har besøkt stader i nærområdet, som også eg då får sett på ein ny måte.
Dette er folk som har lengre erfaring enn meg på Kreta. Men likevel vert det nye opplevinga både for dei og for meg.
Skikkeleg hyggjeleg!
Mange takk Jorunn og Finn.
Det tankane er fullt av, får gjerne augene med seg. Men ikkje i samband med renovasjon på Kreta.
Rett framfor nasa på meg, har det heile tida eksistert to glas-konteinerar.
Midt i sentrum.
Har du sett på maken.
Dette vart eit slags eureka for meg. Her skulle det kastast glas, ja! Om eg hadde hatt nokon.... Det er plast som er hovudproblemet.

Men kontainerane var likevel eit godt teikn, tykkjer eg.
Med sykkel, bading og bøker fyk den eine dagen forbi, etter den andre.
Er det meg eller går tida fortare?
Herleg lesning- nydelege bilete ❤️
SvarSlett🥳👏💐
SvarSlettSå kjekt du fekk flott besøk 😊 Kan skrive under på at du er god Kreta guide ❤️ Fine bilder !!
SvarSlettNo må du nyta siste tida, her vert visst storm i helga. -Eva-