lørdag 27. september 2025

Mitt liv som hønsehaldar

Mitt nye bekjentskap.
Dei som gjev meg egg.
Som vert forsvara av ein illsint hane. 
Dette med sint hane har eg aldri vore med på før - men det betyr ikkje at det ikkje let seg gjennomføra.
Utstyrt med hønsemat og ei grein å forsvara meg med, har eg no greidd å både mata og å innhenta 5 stk egg.
Ikkje verst.
Dei lever i enkle kår disse fjærkrea. Ikkje slik eg har sett det heime i Norge. Men egga er gode.
Så langt i mi nye rolle, har eg vel funne ut at dette nok ikkje vert mi greie i framtida.. 



Det slår meg stadig dette med alt boset som blæs rundt. Og mangelen på høve til å kvitta seg med slikt på ein forsvarleg måte. Her manglar ikkje på potensiell resirkulasjon av plast, metall og glas.
Skulle tru at dei lokale myndigheiter vil at det skal vera reint og fint rundtom. Ikkje minst med tanke på å oppretthalda det svært mange lever av - turismen.

Det finst riktignok nokre forsøk på dette. Og i større byar er nok dette meir tilgjengeleg. 
I går oppdaga eg til dømes ein kontainer i nabobyen, der ein kunne kasta plast! 
Slike skulle eg gjerne sett fleire av. 

 



Idag kom eg meg opp før sola.

1 kommentar:

  1. 5 egg + 1 hane = ? høns. Hanen gjer i alle fall jobben sin som vekkjarklokka.

    SvarSlett