mandag 13. januar 2025

Etter TIFF


Eg er på veg til Bremen.
Norwegian-flyet er tjoka fullt og dei fire i kabinpersonalet, som alle er menn for anledninga,  kjem med trillevogna. Eg kjøper meg ein kaffi, som viser seg å vera frysetørra Nescafe. Ein liten nedtur i den store samanhengen.

Eg er på veg. Igjen. 
"Du er mykje på farten" får eg stadig høyra i nærmiljøet. 
Ja, det er eg. Ein fridom eg har som pensjonist. Så kvifor ikkje nytta tida til å vitja familie og vener eg ikkje har sett på lenge? 
Ikkje det at eg ikkje trivest i heimen min med TV og strikketøy. Men etter fleire år i turnus annakvar (og av og til kvar) helg, har eg litt å ta att. Kjekkt er det også. 

Og den nye hobbyen er; finn billege billettar på buss og tog og av og til fly.
Så turen til Bremen vert no den andre langturen dette året.

Den fyrste var til Tromsø til familie og Tromsø internasjonale filmfestival (TIFF)
Eg reiste opp i den naive tru at eg skulle opp til vinteren. Men der tok eg feil. I beste vestlands-stil, hølja det ned med "snøregn".
Etter ei veke med mykje tid innandørs i varme kino-salar med gode filmar, kom tida for å reisa heim - og finaveret!
Flybilletten vart flytta og eg fekk nokre dagar med frose regn, glatte vegar og skikkeleg vinter. 

Så var ein i storbyen. 15 varmegrader og sol.
Frå det ein til det andre. 

Heimen vår i Hastedter Heerstrasse


Bremen var heimstaden til vår vesle famile, eitt år på slutten av 90-talet. Etter det har byen betydd mykje for oss alle fira, på kvart sitt vis.
Etter at me flytta heim att, har eg vore nedover mest ein gong i året, for å besøkja veninna mi der.
Men etter at ho oppheldt seg i Danmark nokre år, vart det der me møttest. 

No er ho attende i Bremen og det same er eg.
Det er tid  å trakka i meir eller mindre kjende spor. 
Huset vårt står, men skulen er riven.


















Rådhuset ligg der det var bygd på 1400 talet.
Like ved sida finn me Bremen Dom, som vart bygd frå år 718. Det tok 
omlag 500 år å  gjera den ferdig. 
Historien seier at bygningsfolk fall ned frå dei høge stillasa og misste livet.
Dei vart lagt inn i krypten under bygget som synte seg å ha ein balsamerande verknad på kroppane. Difor ligg der no høgståande kongeleg der for å bevara dei til evig tid.

Rundt hjørna frå Rådhuset, finn me dei berømte gatemusikantane. Dei har nok ikkje stått der så lenge som bygningane rundt.
Statua vart laga av Gerhard Marcks og reist i 1953.
For at det skal gå deg vel i livet, bør ein ta eit tak rundt begge frambeina til eselet, lukka att augene og fremja eit ynskje. Helst skal ein klappa det på nasen også. 

På rådhusplassen føregjekk det ein fredsdemonstrasjon med heller labert oppmøte, men ironisk nok, med væpna politivakt. 

Sentrum har endra seg etter pandemien.
Kjøpesenter som tidlegare var fulle av folk, er no tome skal. 
Surrealistisk.




Det var deilig å dilla rundt der igjen. Ta trikken og nesten vera som heime. 
Med tilgang på bil med sjåfør, vart det også høve til å utforska områda omkring.


Etter ei veke med både brudlaup, opplevingar og mange gode samtalar i sofakroken, var det dags å reisa heim att.

Heime i Noreg,  venta ei veke saman med syster og svoger i Askim, ilagt litt husavask-hjelp til dei og "harrytur" til Sverige. 
(orsak alle som heiter Harry)




Det siste der, var ei interessant oppleving, må eg seia.


Med buss over Haukelid, gjekk turen til Hardanger, raskt og smertefritt. Tilfeldigheitene gjorde at ei god veninne var på bussen den andre vegen, slik at me kunne treffast på Åmot.
Hyggjeleg.


Og alt dette medan verda går sin skeive gang og verdpolitikar uttrykkjer seg med hjelp av ord me skjeldan eller aldri, har høyrt maken til i dei kretsar.




2 kommentarer:

  1. Artig å lese,hvor går turen neste gang

    SvarSlett
    Svar
    1. Inger W Seljestad11. mars 2025 kl. 02:20

      Si det? Det blir til Københavnmed båt 🌞

      Slett