torsdag 10. oktober 2024

Tid å reisa heim

Der rauk bukseræva.
Stikkord for å venda nasen mot nord.

Ein månad er forbi.
Tida som i utgangspunktet stiltra seg avgarde, byrja brått å spurta.
Korleis kan det gå til?
Det kjennest som om eg akkurat har kome hit og så har gått fire veker.
Den tida er det ikkje lett å verta klok på.

Sykkelen er levert, hyra er betalt, kofferten er pakka, håret er vaska og eg tatt farvel med dei andre i hagen. Alltid like trist og alltid med lovnad om å koma att neste år.
Den som lever får sjå. 



Det er framleis godt og varmt. Målaren syne om lag 30 grader utanfor busstasjonen, då eg tok bussen attende etter å ha plassert sykkelen i vinter-garasjen. 

Ljoset var vakkert. Det måtte verta nett ein siste dukkert i Mirabellobukta før avreise.
 
Då eg kom opp att, kikka eg på skiltet som peika mot huset mitt; 
"Luxury entrance". 
Akkurat slik kjendest det ut då.
Luksus å tusla ned til sjøen, symja litt i lunka vatn og tusla opp att.
Roleg og fredeleg og total einsemd. 

Nokon finn sin plass på fjellet, andre ved sjøen. Nokon i heimen, andre reiser vekk.
Det treng absolutt ikkje vera langt.
Kvar enkelt finn sin stad kor ein finn roen.
Eg har funne min. 
I ei lita hytte i ein hage i ei lita bygd på Kreta.

Det inneber at eg må ta fly, men så får det vera.
Det går an å koma fram med hjelp av tog og båt, men det kostar ein del meir.

Så var dagen komen for å ta farvel for denne gongen. 
Minna lever og måtte roen fylgja med heim.

Og nokre timar seinare er det berre å vandra på sletne og støvete sandalar inn i den norske hausten.

Takk for turen og takk for fylgje.



                            

1 kommentar:

  1. Sjølv takk Inger !!!
    Du skriv så godt og nett slik det var, og du er ein fantastisk guide!
    Ein utruleg flott etterlengta dag på øya Spinalonga 😊
    Takk for fine dagar både i bil, utan bil og på sykkel, mykje moro og herlige dagar.
    Eg skal nok tilbake der ein gong trass myggen 🤢😅
    -Eva-

    SvarSlett