Så heldig kan ein vera, at ein har ei svigermor på 85, som har hatt arbeidet sitt i Lofoten og Vesterålen i mange år og som ynskjer å ta turen oppatt med fylgje.
Starta med ør litt drama i heimen, som resulterte i legevakt og 6 sting i panna. (ikkje meg)
Men begge to var heldigvis klare til å gå ombord i propellflyet frå Widerøe neste morgon, den eine av oss ganske blå rundt augene.
Det vart ein nydeleg flytur med klarvær heile vegen. Og vel framme i Svolvær, vart me plukka opp av tidlegare kollega av svigermor mi, med husbond.
Laukvik, kor dei bur, tok me snarvegen og var straks framme til husrom og hjarterom.
Laukvik, kor dei bur, tok me snarvegen og var straks framme til husrom og hjarterom.
Det mangla verken på hjarteleg velkomst, stor middag og deilig seng. Det siste spesielt godt etter ei litt strabasiøs natt.
Turistinformasjonen i Laukvik står i passe forhold til innbyggjartalet. Ikkje så mykje informasjon å få likevel, då det var litt stengt,, kan du seia.
Informasjonen sa seg sjølv - her var me utan tvil komne til eit oppegåande fiskevær.
Informasjonen sa seg sjølv - her var me utan tvil komne til eit oppegåande fiskevær.
Hjellene var fulle av torskehovud i store mengder, snart klare for eksport til Afrika. Spesielt til Nigerie, kor dei er ein viktig ingrediens i tradisjonelle rettar.
Men dei kan også nyttast som dyrefor og proteinpulver for bruk i mat og kosttilskot.
Det skal litt til for å få meg stum, men det vart eg i Laukvik.
Blått hav så langt auga rakk og strålande sol frå klar himmel.
Her var det snakk om flott tur med vaffelbesto, ei sprek svigermor i nyyyyydeleg nordnorsk natur!! Sjeldan kost som smakte! ❤️leg takk for turen!
SvarSlett