onsdag 2. oktober 2024

Den siste musejakta

Har du vorte vekt opp klokka 04:10 av at det er nokon som ruskar deg i håret? 
Sikkert.
Men at dette nokon er ei diger mus?
Ikkje så ofte, vil eg tru. 
Men det har eg.

Tre netter på rad, har eg no vore oppteken av å få ut to mus av huset mitt.
Den fyrste gjekk forholdsvis lett - den spaserte ut sjølv.
Men mus nummer to, var litt meir gjenedig, kan du sei.
Den haldt seg temmeleg i ro, så lenge eg var vaken og det var lyd i rommet. Men kom igjen når eg la meg til å sova.



Då var det krafsing og vesen rundt omkring i rommet, men umogeleg å oppdriva når ljoset kom på. Og til sist oppi mitt halvsovande hovud.

Om eg gaula?
Ja, det trur eg me kan kalla det.

Eg lista meg rundt med musefella (eller kva me kan kalla det) og plasserte den til slutt rett der musa sist var observert. Så var det å slumra med ljoset på og augene halvt lukka.
Lukke og hell!!! Der sat den i klisteret - bokstaveleg tala.

Så no reknar eg med at dette var den siste musejakta.
Den som lever får sjå. Ikkje musa, m
ed andre ord.


Eva er i bygda. 
Eit av hennar, og mange andre sine reisemål, var Spinalonga. 
Øya eg har skreve så mykje om tidlegare. Øya med kjend historikk attende til 1210.
Øya som har gjort seg verdskjend gjennom Victoria Hislop si bok, med tittelen; Øya.
Nye område var opna opp, andre stengde. Det er alltid like andektig å koma ut dit.

Eva har leigd bil og me har fresa rundt.
Med hjarta i halsen i starten, men etterkvart fortrulege med den greske køyremåten. 

Fourni, Kastelli, Sitia, Irapetra, Makrygialos. 
Frå hav til fjell.


Jon Olav og Monica, med hus i Makrygialos, tok oss med langt opp i fjella.
Inn i grotte og opp på den høgaste fjeltopp kor det var bygd ei lita kyrkje.
Etterpå reiste me til ein taverna i liten fjellandsby. Skikkeleg fin tur med  kjekke folk.











              
               



OG
natteroen er tilbake - eg er attende  i paradis

1 kommentar: