onsdag 25. september 2024

Drama på fjorden

Det var ein stille og fredeleg morgon.
Ein og annan båten tøffa forbi og det låg eit vrak av ein fraktebåt til anker.
Ein cabincruisar la seg også til anker og mannskapet ombord vart henta av ein mindre båt og frakta i land. 
Dei skulle eta på eit nærværande etablissement.

Etter ei stund ser eg at cabincruisaren er på tur. Retning rett mot lastebåten. Ankeret har nok ikkje fått feste, og båten er på rek.


Her må noko gjerast, før det skjer ei ulukke. 
Men heldigvis, nokon har fylgt med. Skyssbåten dukkar opp og mannskapet hoppar ombord. Det går i full speed ut til båten på rek og han vert redda. 
Dagens høgdepunkt. 
Små problem i den store samanhengen.

Armenistis framleis flytande

Fartøyet som i årevis låg på land.
Men i fjor såg eg med stor undring at ho hadde fått vatn under skroget igjen. 
Eg var skeptisk til kor lenge ho kunne halda seg flytande, denne så ein gong stolte skuta. 
Og jammen flyt ho framleis.
Med pumpene igang.

All verdas drama vert fjerne i slike omgjevnader.
Berre eit tastetrykk vekke ligg nyheitene og fortel om alt som skjer og det er så lite ein kan gjera.


1 kommentar:

  1. Jysses, men rimeleg nok kjekt med litt spenning i kvardagen. Ein fengjande kabinkrusar å kvila augo på midt i idyllen som deg favnar. Her i vesten eksploderar bombene i Libanon inn i nymøbelerte velstandsstover. Nyt søndagsfreden!

    SvarSlett