Ein nydeleg måne-nedgang og sol-oppgang.
Morgontur, morgonbad, kaffi med vertinna og tanta hennar, sykkeltur, meir bad.
Igår kom det regn. Det var oppfriskande og godt for plantene i hagen.
Idag skin sola att.
I min iver etter meir kjennskap til Johannesbrød/ charoúpi /carob, har eg no tilbode mi arbeidskraft i innhaustinga av denne fantastiske frukta.
Og du verda kor mange belgar som ligg og heng rundtom, klare til å samlast i sekker.
Etter å ha samla to kassar, utan at det gjorde nemneverdig utslag på mengden som ligg omkring, føler eg å ha fått litt draisen på dette. Det er berre å sopa i hopa og få dei i sekk.
Med eit langt skaft, dunkar eg på greinene og belgane ramlar ned. Både "Epler og pærer, de vokser på trærne, når de blir modne så faller de ned" og "Sidervisa" surrar rundt i hovudet med ny tekst.
Vertinna mi gav meg ein "god belg", som ho sa. Den var full av eit stoff som kan minna om "honning" og det smaka aldeles nydeleg.
No har eg litt meir peiling: Dette vert bra.
Og som sagt, i går kom det bøtter med regn.
Det tordna straumen gjekk.
Eg kveikte mitt medbrakte batteri-kubbeljos. Ganske koseleg.
Men det var igår
Ikkje det, eg kosar meg idag også. Eg kosar meg heile tida. Kvar gong eg tenkjer på at eg må finna på noko, reisa å sjå noko, ta bussen ein eller annan stad, sykla til ein ny stad - ja så tenkjer eg; kvifor må eg det? Det er jo heilt greitt å vera her.
Med eitt av verdas mest kjende museum, Spinalonga, ein kort båttur vekke, kan eg jo berre ta ein tur dit om det røyner på.
Og det skal eg også ein dag. Som alltid.
Høyres ut som eit paradis Inger!
SvarSlettVent nett ei veke då med Spinalonga 😉😃
Ja ja, om me er heime- eller feriebusett ved ei strand, vert da å bada eit daglegdags gjeremål både fø' deg og fø' meg. . Du i havsalte fjøresteinar, eg i kjeramiske fliser. Skjønar det slik at du meir eller mindre legg deg i vasskorpa når sola står opp og står opp når sola går ned bak horisonten. Ja ja, A4 har me aldri vore, men du e' go'te å fylgja døgnrythmen 'motstraums'. Skjønar at du kosar deg, at du har da kjekt og tek da so da kjem, om da e på to eller fire føter. Stutt sagt, kjekt å lesa deg,
SvarSlett