søndag 22. september 2024

Mot nye høgder

Vegen opp er funnen.
Det vil seia, ikkje den vegen eg har leita etter, men ein eg visste om frå før. Ein veg eg har gått og sykla opp, to gonger tidlegare.
Ein som på ein måte vert lettare og lettare å forsera for kvar gong.
Og utsikta er like vakker.



 


Med sykkelen på slep, møtte eg mange forundra blikk frå dei som passerte i bil. 
Nokon stansa og gav meg oppmuntrande kommentarar. 
Det var hyggjeleg. 
For meg fungerer sykkelen som "agn" til å halda ut. 
Turen nedatt vert monaleg raskare og mindre strevsam, kan du sei.











At dette er ei øy der vinden tek godt til tider, kan merkast. Sjøen går kvit og plasten fyk til alle kantar. 
Og sidan alle bossdunkane står med loka opne, er det nok for vinden å ta tak i.

Vindmøllene lagar straum, side om side med ei mengde solpanel oppå platået ovanfor byen. 


Vinden gjer at temperaturen kjennest svalare og det er lettare å gje seg i veg oppetter liene. 
Denne gongen var eg sikker på at dette var ein ny veg opp. 
Det var det då ikkje - eg gjekk berre motsett veg enn i fjor. 
Oppover bar det, høgare opp enn førre dagen. Vindmøllene på platået kunne sjåast langt der nede. 

Jakta på nye vegar held fram.


Øya

For ein del år sidan, vart det laga ein
tv-serie basert på Victoria Hislop sin roman "Øya". Ei bok omsett til mange språk og lesen av folk over heile verda. 
Ei fascinerande bok, som gjer at svært mange ynskjer å besøkja området handlinga går føre seg.

Serien vart delvis filma i gamlebyen, som ligg litt ovanfor her.
Ein nydeleg freda liten plett, med gamle bygningar og vakre dørar. 

Stille og roleg, ingen folk andre enn den litt eldre dama som helsar på; yassas


                    

                      

3 kommentarer:

  1. Oh Inger.
    Det høres eventyrlig og fascinerende.
    Du er tøff, med din trofast sykkel å klatre opp bakker og åsane.
    Fortsatt god ferie og kos.
    Artig å lese fra dine turer og oppdagelser. 👏🏻👏🏻
    Klem fra meg
    Marina🌸

    SvarSlett
  2. Les om eit samfunn der vinden bles mens tida står stille og tek seg ein kvil. Ein einsam stad der du kviler i din eige rythme. Ein einsam og roleg stad der du nyt alt og alle med dine eigne kvardagslege tankar, ord og gjerningar. Nyt freden! Alt har ein ende, so nyt mens du kan! Snart du må finna fram mobiltelefonen, pass og pengar til eit stressa liv der ein undrar seg på kva er det som skjer?

    SvarSlett