Ein sykkeltur. Eit nytt bad. Lesa litt. Skriva litt. Henga i hengekøya under carob-treet. Sitja i ro og berre sjå utover sjøen. Tenkja.
Kveldsbad. Solnedgang.
Slik trippar tida forsiktig vidare.
Kveldsbad. Solnedgang.
Slik trippar tida forsiktig vidare.
Utanfor hytto sankar vertinna mi Johannesbrød/carob.
Ho leverer dette vidare til produsentar, som gjer seg nytte av det til ulike produkt.
Dette kan nyttast mellom anna, på same måten som kakao men er mykje sunnare for oss. Proppfullt av antioksydantar, kalsium, kalium, b-vitamin, magnesium for å nemna noko. Det reduserer insulin og kolesterol og gjer mykje meir som er bra for oss.
Det skal til og med førebyggja osteoporose!
Det er naturleg søtt, men det må litt ekstra til før det smakar like godt som kakao (syns no eg).

Frøa som er inni dei mørkebrune, harde belgane, vert også kalla keration.
Dei inneheld locust beangum, kjend som johannesbrødkjernemjøl, eller E410, som er mykje nytta i matvareindustrien.
Dei inneheld locust beangum, kjend som johannesbrødkjernemjøl, eller E410, som er mykje nytta i matvareindustrien.
Frøa gav utgangspunktet for korleis ein måler vekta på diamantar, perler og andre edelsteinar. Alle frøa veg omtrent likt, 0,2g. Eitt frø - ein karat.
Til meir eg les om denne vidunder-frukta, til meir får eg lyst å innlemma den i kosten.
Det finst mange gode oppskrifter.
Det finst mange gode oppskrifter.
Her ein dag gjorde eg ei stor oppdaging.
Det er faktisk er varselskilt om fartsgrenser her, rett i nærområdet!
Det er faktisk er varselskilt om fartsgrenser her, rett i nærområdet!
Fyrst står det 20 og rett etter står det 40.
Men med handa på hjarta, den grensa er det ingen, INGEN, som held seg til.
Dersom trafikkpolitiet, om noko slikt finst her, hadde stilt seg opp med ein fartsmålar, kunne dei ha håva inn mengder med sikkert sårt tiltrengde pengar.
Kanskje ein idé til korleis å få inn midlar til å rydda opp i all plasten og det andre som ligg rundtom?
Kanskje ein idé til korleis å få inn midlar til å rydda opp i all plasten og det andre som ligg rundtom?
Og så er dette med hjelm, då. Hjelmen er gjerne på, men reima er ikkje festa under haka.
To på sykkelen, men ein hjelm.
Store og små passasjerar. Framfor eller bak sjåføren, som er den som har hjelm på.
Men med den farten som dei fleste held, hjelper det ikkje med hjelm uansett.
Lurer av og til på om det finst ein ulukkesstatistikk?

Du er fantastisk Inger , kære kusine, at beskrive med de herligste sætninger og ord, dine oplevelser. Tak. Kh Turid
SvarSlettJa, du får sagt det du, Inger.
SvarSlettNydeleg å stiltra seg!!!