mandag 2. september 2024

Pakka og klar

Hausten har så vidt byrja å syna seg i trea.
Eg er pakka og klar. Klar for "hyttetur" på Kreta. Det vert bra.
Men før eg dreg dit, har eg vore på haust-tur med Svigemor mi. 
Me har stor glede av å ta oss nokre turar me to.
Dagsturar.

Denne gongen gjekk turen med tog til Geilo og buss over vidda, ned att til Hardanger. 

Etter togturen, hadde me ein liten time på Geilo, før me skulle ta bussen. Og kva gjer ein på Geilo i underkant av ein time?
Jau, då går ein på Normal og kjøper batteri. I alle fall gjorde me det. 

Men klokka 12 var me avgårde med ein super hyggjeleg bussjåfør frå Lofthus. Og han lova å ta oss trygt med ned til fjorden og få oss vidare til våre respektive destinasjonar. 
















For ein mektig natur me har. 

I strålande sol og svært lettskya, blå himmel dukka Hardangerjøkulen snart opp på styrbord side og ulike vatn som svigermor mi kunne namna på, dukka opp på begge sider av vegen.
Me var i geitost-land oppi mektige fjellmassiv. 

Tankar om kor folk slo seg ned og kvifor, lura seg inn i tankebanane mine. 

Eg trur tanken var at dukka det opp ein aldri så liten grøn flekk og det var berre å setja opp eit sel eller eit hus.




Turen gjekk altfor fort.
Brått var me i Eidfjord.
Nesten litt trist.

Derifrå var det straka vegen heim, trudde eg. 
Me sa på attsyn og gjekk på kvar vår buss.
Min gjekk over Hardangerbrua til Granvin 

- og der vart det to timar pause.

Men kva gjer det når sola skin og omgjevnadene er vakre.
Ein perfekt avslutning på ein perfekt tur. 

         


          

        

1 kommentar:

  1. Så fin en artikkel - eller hva jeg skal kalle. Du er god til å formidle med ord og bilde Inger. God tur på all din ferd.

    SvarSlett