mandag 9. september 2024

Mitt beskjedne vesle paradis



Så er eg her igjen.
"Ramla" nærast inn i hytto etter ei heller stri reise, som høver betre til ei på 24 enn ei 64. 
Men det er fort gjort å gløyma slikt når ein tingar billettar i god tid før avreise.

Etter at min fantastiske husvert serverte meg varm moussaka og kaldt vatn, kom eg meg så pass at det vart ein liten kveldstur og ein kveldsdukkert. Riktignok vart dukkerten foretatt i det nyerverva bassenget som er innstallert i hagen, side om side med ufatteleg mykje gamalt rusk og rask
.
Sidan eg er fryktar at denne nyervervinga skal føra til auke i døgnprisen, foretok eg dukkerten meir som ein slange; sklei stille uti og åla meg stille opp att. 
I stummande mørke.

Men i dag tusla eg meg ned til stranda. Etter ein morgondukkert i salt hav, var det tid å henta sykkel i nabobyen. Og sidan vertinna skulle same vegen, tok eg imot tilbodet om å sitja på med henne.
Men det trur eg vert fyrste og siste gongen. Anten var dama rally-køyrar i sitt forrige liv eller så har ho vore det i det noverande.
I ein rasande fart bar det avgårde. Ho fresa forbi alle i eit tempo ikkje ein gong Thomas kunne ha måla seg med. Han haldt
 i si tid, ein rimeleg høg fart og tok gjerne nokre hasardiøse forbikøyringar, som kunne resultera i både korsing og ein haug med Ave Maria. 
Og det var nett det ho gjorde vertinna mi, då ho før ein høgresving, tok yttersvingen på ein boss-bil. Ho korsa seg. Mange gonger. 

Jadå - men eg er no her, framleis i levande live. 

Sykkelen stod å venta på meg der eg leverte den i fjor.
Og i det same eg glad tok imot han, kom eg på at eg hadde gløymt sete-polstringa i form av eit gele-sete, heima.

Oi!
Valget mellom å verta meget sår bak eller å kjøpa nytt sete, var eigenleg eit lett val. 
Nytt sete måtte det verta om turen attende skulle kunna gjennomførast.

Med 34 på gradestokken utanfor eit apotek og 29 på Yr, seier det seg sjølv at ein tur på 9 km, der godt og vel halparten er oppoverbakke, krev ein sekk full av vatn og mange pausar.
Og ein sekk full av vaten veg heller tungt.
Men eg kom meg opp til "Gefsis sta Lenika", kor eg i fjor hadde ei heller tvilsom oppleving når det kom til mat. Pause måtte eg ta, og det eiin lang ein. 
Og denne gongen smaka maten nydeleg, eg fekk i meg rikeleg med vatn og vertskapet var 
super triveleg

Eg tenkjer mykje på min gode ven Geir, her eg går og syklar mellom ufatteleg mykje søppel langs vegane.
Me snakkar om plast i alle utgåver, pappkrus og plaskrus med eller utan lokk, sigarettstumpar, ein sprøytespiss (den tok eg med), flasker, brus-boksar, brukte strips og andre pakke-ingrediensar og mykje,mykje meir.

Eg slite med å berre passera dette utan å plukka opp. 
Og Geir som er av dei eg kjenner, den som tek denne jobben på høgste alvor i heimlandet.
Veit ikkje om han hadde greidd å berre passera?

6 kommentarer:

  1. Kos deg i plastbosset!🥳🥳

    SvarSlett
  2. 🤗, dine reisebrev er tatt på kornet. På tide å samla det i ein bok? ( PS, eg kjøper) 👏

    SvarSlett
  3. Svar
    1. När jag läste ditt inlägg slog det mig att det var inte lika lätt som det ”förr i tiden” - den där turen till Norge måste verkligen bli av nu snart. Dessutom har en av mina gamla vänner från studietiden flyttat till Strandebarm så nu får det se till att hända. Dessutom nämner du Geir, jag tänker: är det samma Geir som jag känner…? Då får det verkligen bli av!!!

      Slett
    2. Kom kom, Mats! Og ja, det er den Geir du kjenner. Han blir også glad om du kjem til vakre Hardanger

      Slett
  4. Gamal vane vond å venda. Når hausten kjem, fyk du omatt og omattog som før, saman med trekkfuglane mot sør. Når du vel har landa og stig inn i ditt enkle bo, sansar eg at du møter deg sjølv i døra og sitjande i veggane endeleg får slått leir i ditt lune reir. Kos deg masse med alt og alle medan eg ser fram til å fylgja dine frie tankar, vene ord og gode gjerningar i alle dagane som kjem. Da ska du ha og få veta, du skriv godt! Nyt Kreta, alt og alle på din veg. Klem!

    SvarSlett