onsdag 28. august 2024

Sol og regn og rock'n roll

 

Ula ei veke i august

Ula 
Ei perle 
i Vestfold.
I utgangspuktet ei loshamn, som utvikla seg til å husa badehungrige gjester med tid og råd. 
Ein tettstad ut mot Skagerrak, ytterst på Torsøyhalvøya i Larvik kommune. 
Namnet skriv seg frå det norrøne ordet urd, som tyder "ur", "steinmur". 
Lett å skjøna når ein ser seg omkring. 

På 1800-talet hadde den kjende losen Ulabrand sitt virke i Ula. Namnet hans var Anders Jacob Johansen.
Han omkom
 i 1881.
Han tok ut på los-oppdrag saman med sonen Lars og losguten. Det var hauststorm med storm i kasta. Alt som var att etter han var rorpinnen og urkassen. Dette dukka opp i strandkanten på Tjøme.
Han var kjend som ein fryktlaus los, som gjekk ut når ingen andre våga.


Frå loshamn til badeby.
Der var til og med eit badehotell, Ula strandhotell,  fram til det brann i 1965. 

Med 17-19 grader i sjøen vart det ein dukkert både i stille og bølga hav.
Forfriskande på alle måtar.










Og så kom Lillian. Ei kraftig "dame" med 29-30 m/s i kasta. Mykje rock'n roll.
Det knaka i veggene og flaggstanga sveia. Og etter regn og vind, kom sol.
Slik gjekk no dagane. 
Spennande. 



Turar i skog og på svaberg. Bad og sol og regn. God mat og god prat.
Ei god veke i august.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar