torsdag 12. september 2024

Hot yoga - utan å bevega på ein muskel

Det er visst mykje å sei om den indiske yoga guruen Bikram. Både godt og gale.
Men eg tek meg stadig i å tenkja på dei som utset seg for den type trening, som visstnok skal vera heilt topp, heilt frivillig.

Eg bevegar meg rundt i ei konstant badstove og j
a, eg er her heilt frivillig!
Det er så mange varmegrader, at dei som leiger ut scooter, ikkje kan leiga dei ut utan å kjøla ned setene fyrst. 



Min skotske ven på scooter-utleigen, kunne måla over 40 grader i/på setet.
Så å setja seg på eit slikt sete i shorts, ville nok føra til forbrenning av opp til fleire grader.

Eg trudde eg tålte varme godt - men det gjorde eg tydelegvis ikkje.
Det vart ein dag i hengekøya i bortimot i koma.
Tankane går også til dei som har det slik alltid, og varmare enn dette, utan å kunna gjera noko med det.

Svært mange nordmenn søkjer seg oppover når det skal ut på tur. Det gjeld også meg.
Trass i at eg verken har vore på Kvitingen eller Fuglafjell i mi tid, og ei heller nokon gong kjem dit anna enn i helkopter, søkjer eg meg litt opp i høgden på mine vandringar.
Eg likar å ha litt oversikt. 
Så morgonturen idag, var med det for auga å finna vegen opp.
Vegen ligg der, men kor er vegen opp til vegen opp?


 



Eg prøvde fleire alternativ, men møtte stengde portar. Bokstaveleg tala. Her var det "Private residence" og murar rundt basseng tilhøyrande den ufatteleg luksuriøse naboen. Eit hotell-område eg ikkje heilt fattar storleiken på. 

Men som også er ein arbeidsplass for uante mengder folk, frå vakta i porten, vakta på parkeringa, vaskepersonell (det var dei eg traff på på turen) til alle dei andre tilhøyrande etablissementet.

Godt eller gale?

Eg held fram min søken etter vegen til vegen opp.

PS
Nokon joggar!
Det må vel vera ei form for sjølvpining, eller?

2 kommentarer:

  1. Ja, Inger, det er bra du ikkje er så gal! Michael Mosley er det mange av oss som savner. Han skulle sikkert bare sjekke en teori...den aller siste viste det seg. Hvil i hengekøyen🥴🤗

    SvarSlett
  2. Ja ja kvardagar der skil seg ikkje langt frå mål og meining i tilværa her og/eller der ein befinn seg i verda.

    SvarSlett