fredag 26. januar 2024

Tromsø - eit knippe med nye augneblink

 

Tromsø 21. januar.
Fyrste soldagen etter mørketida.
Feira med solbollar. (Her sør kalla Berlinarbollar)

No er eg ein uttalt tilhengar av mørkret og mørketida. Men når ein no ein gong er i Tromsø på soldagen, er ein pålagt å gå ut å helsa sola (og seier somme, ynskja seg tre ting).
På inuittisk vis, skal sola helsast med handflatene mot sola. Då får ein sjå henne igjen. Så no er det gjort. 


(Eg set meg ned og ventar på å få oppfylt ynskja)

Når ein no er i Tromsø på denne tida, kan ein like godt få med seg TIFF - Tromsø internasjonale filmfestival.
Mange film-opplevingar.
15 i talet, på ei veke. 

Av disse 15, var det kun ein som ikkje stod til forventningane. 

Dessutan fekk opplevingane eit ekstra pluss då sjølvaste Ethan Coen og Tricia Cooke entra scena på Verdensteatret. . 

(Og sjølvaste Brit Aksnes stilte spørsmål og fekk svar!)
(Og forresten - om du vil ha utfyllande rapport om filmane ho såg, les Brit si oppsummering i Dag og Tid 19.01.)






Veret utanfor filmsalane, var kaldt og deilig, med ein nydeleg klar himmel. 
Perfekt for nordljos.
Det var berre det at nordljoset glimra med sitt fråvære. I gatene florerte det med forventningsfulle norljos-turistar.
Dei fleste frå Asia.
Men det såg ut til at dei måtte trøysta seg med pylsa frå Rakett-kiosken, der køen stod lang kvar dag. 

Men tilfeldigvis ein kveld, på busstoppen ved Polaria, oppdaga eg noko som kunne likna Nordljos.
Og nordljos det var!




Kvalitetstid med tre systrer arm i arm, fin familie, nydeleg natur, utebading i Tromsøbadet og fullmåne.
Ikkje lett å ta farvel og fly ned til utsikter om pøsande regn i dagevis. For ikkje sei vekevis!

Må vera ærleg og sei at tankane slår meg (igjen);  flytta?
Tromsø? 
Kreta? Austlandet?

Draumar er uansett halve gleda.


        

1 kommentar:

  1. Du er så god til å skrive og formidle Inger, og flotte bilder. Velkommen sørover og akkurat nå titter sola frem. I Stavanger vel og merke! God reise......

    SvarSlett