Det er snart 9 år sidan eg fekk hjelp til å flytta frå 2. etasje til 1. etasje i heimen.
Med på flyttelasset var ein strandstol, kjøpt under Stockholm Jazzfestival i 2003 eller deromkring.
Det var berre det at frå den dagen eg flytta, har denne stolen vore søkk vekk!
Alle mine freistnader på å finna stolen, har enda med konklusjonen; han må ha havna i boset.
Likevel har eg kikka både her og der, opp til fleire gonger.
På den tida eg flytta, var eg i eige av ein Citroën Berlingo.
Bak i lagerrommet på den, hadde eg ein boks med alt ein kan koma til å få bruk for under alle omstende. Der var det mellom anna eit teppe, ei lommelykt, våtserviettar, snøskrape m.m.
Eg måtte etter ei stund, selja bilen og alt utstyret frå bagasjerommet, vart stua inn på lager i kjellaren.
No har det seg slik at sonen min Gaute, har kjøpt seg bil. Og i den samanheng gjekk eg i kjellaren for å sjå om det var noko av det eg hadde lagra, han kunne overta.
Og der låg den.
Den etterlengta og mykje sakna, strandstolen frå Stockholm Jazzfestival.
Og der har han lagt i snart 9 år. Under eit lilla teppe.
Dette må vera eit godt teikn!
Dette må verta eit godt år!
Ynskjer alle det aller beste
og håpar at det kanskje kan verta ro og fred i verda?
Godt nytt år!🥳🍾
SvarSlettSå bra👏👏 og godt nytt år🤩
SvarSlett