fredag 27. oktober 2023

Takk for fylgjet

Det 29 grader. Litt vemodig å forlata Kreta.
Men med lovnad om regn i ettermiddag gjer det litt lettare å forlata "paradis".  

Busskontrolløren har  for sikkerhets skuld, strikkabukse på seg. Noko som kan oppfattast svært varmt, der eg set å sveittar i shorts og t-skjorte. 

Det er mange inntrykk som set att i minnet. Det er heilt klart at eg har funne det perfekte utgangspunktet for ei enkel sjel som ikkje er ute etter dei store kulturelle opplevingane utanom dei ein finn langs vegen, i den vesle byen, ved havet eller i havet. Sykkelen er levert og står trygt på lager til vegane våre kryssast på nytt.

I serien artige tre
I "paradis" var det varmt vatn i dusjen dei gongene ein sjølv svitsja om brytarane i sikringsskapet, ved sida av toalettet stod den obligatoriske bøtta til å kasta brukt toalettpapir i, rusk og rask rundt huset og internett som virka av og til, vitnar om låge krav til luksus.
Men nett det ein slags "luksus" tykkjer eg.
Eg kan ikkje svara på kvifor. Det er ei kjensle. 


Himmelen mørknar til og det er tid for avgang 

Det snakkast norsk i flyet.
Mange skal heim att til Norge og ein komande vinter.  



Reisebag'en er kjempetung! Full av havsalt (i handkle og kle), olje og honning. Likevel får eg alt med meg gjennom innsjekk og sikkerheit-kontrollen. 

"Hjelpe meg - dette vert siste gongen eg dreg med meg så mykje!" går det gjennom tankane mine.
Det same tenkte eg i fjor, året før og heilt sikkert året før det igjen. At eg aldri lærer! 

Kaldt klarver er ikkje det verste Norge kan by på.
Det er berre å pakka seg inn og pakka seg ut og takka for turen. 

"Stinkla" på Movatnet
Heim til nydeleg haust,  der det er  "stinkla" på Movatnet.



Mange takk til dei som har lese og kommentert!

Alltid godt med respons;
"saman er ein mindre aleine"




4 kommentarer:

  1. ❤ takk for "turen", neste år blir det tur, blir kjekt med planlegging 🤗

    SvarSlett
  2. Kjekt her å få ve me deg som ei floga på veggen dit du fer og er med dine kvardagslege tankar, ord og gjerningar.

    SvarSlett
  3. Takk for fine skildringar, Inger!

    SvarSlett