søndag 1. oktober 2023

Under same måne


Same måne.


Ny månad.
Det vert helsa Kalo Mina 
God (ny) månad.

I natt vakna eg av eit kraftig tordenvær.
Det smalt veldig nært og hundane gjekk bananas.
No er det som om ingenting har skjedd. 
Stille søndag og "om litt er kaffen klar".


Fordelen med hytte framfor gjestehus/hotell, er at her har eg kjøkken til å laga yoghurt og tre i hagen til å hengja opp hengekøya i.
Bakdelen vil nokon seia, er at det er langt til butikken.
Men saman med sykkelen, Pedelett, er det ein fordel tenkjer no eg. 
(utan også for så vidt) 


Som nemnt i forrige innlegg, skulle eg på ekspedisjon til nabobyen for å få fiksa bremsane.
Til dit er, i fylgje Google maps, 
13 km. Halve vegen akkurat så bratt at eg må gå med sykkelen, medan resten av vegen går i underbakke. 

Sykkelreparatøren var ikkje til stades då eg kom fram og dei to i butikken snakka gresk. Men me forstod kvarandre og 5 minuttar etter var han der. 
Han skulle fiksa bremsane og eg gjekk på jakt etter eit par saker eg ikkje har greidd å finna her lokalt. 
Byen var full av folk på alle kantar. Takka meg til hyttelivet! 

Sykkelen var fiksa då eg kom attende og betalte og trødde avgårde.
Så kom regnet! 
Eg heiv meg inn under næraste tak, til ei dame som syns eg var sprek som sykla. 
Ho kunne selja meg ein kopp kaffi medan eg venta, så eg venta. Medan sykkelen stod ute og setet vart vått og godt. 
Jaja. 
Det tørkar, eg tørkar, ingen problem. 
Og hyggjeleg dame. 
Norge har forresten eit svært godt rykte, når det dreier seg om å vera eit godt land.
La oss no endeleg ikkje rota det til no då.  


Regnet gav seg, vegen turka opp og eg kom meg på vått sete.

Og 
jammen dukka ikkje Kardemomme by opp langs vegen. Riktignok eit hotellkompleks, men det var no det som slo meg.

"Man skal ikke plage andre, man skal være grei og snill. Og forøvrig kan man gjøre hva man vil" 
Kardemomme-lova har vel kanskje blitt tolka vel langt i det siste, tenkte eg i forbifarten.

Oppover, oppover, oppover.
Og der ramla det laus igjen.
Ein ny foss frå oven. 
Her var det berre å søkja ly under næraste tak. 
Det vart eit busskur i Ellinika. 

Etter at byga var over, oppdaga eg at naboen til busskuret var ein restaurant. 
Restauranten med det klingande namnet Gefsis, som tyder noko slikt som god smak, tilbydde både det eine og det andre.
Eg var svolten, så kvifor ikkje eta litt før nedoverbakkane? 
Nedoverbakkar med flunkande ny brems! Det måtte feirast litt. 

Familien som dreiv etablissementet, sat alle og åt då eg kom inn under tak. Kattane rusla rundt og gnafsa på kjøtrestar dei hadde kasta på golvet. Eit turist-par drakk øl og tv'en stod på full guffe. 
Dette vert nok toppen av ei kulinarisk oppleving tenkte eg og tinga meg souvlaki og alkoholfritt øl.
Mulig ølet smaka best?


Heime venta hengekøya, bok og ein roleg kveld i hagen under (nesten) full måne.



  

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar