tirsdag 3. oktober 2023

Operasjon vindmøller

Eit svært, svart helikopter landa og letta på nabogarden.
Nabogarden er dette etablissementet her - Mirum Elounda villas.
Det var nok ein svært viktig gjest som kom eller reiste.

Luxus-inngangen til villaen (til venstre i bildet under) er bak huset mitt (til høgre i bildet).
Verda er full av små og store kontrastar.
Dette definerer eg som ein liten.

Ellers håpar eg at gjesten har/hadde det fint og behandla personalet med respekt!

Tida kjem - heile tida. Og eg prøver å ikkje lata meg kava opp av det. Ein liten sykkeltur hit og ein litt lengre dit. 

Det vart ein lang førre dagen.
Opp bakkane til platået over byen, kor dei har anlagt ein vindmøllepark. 
Med denne vinden, vil eg tru produksjonen gjekk på overskot.

I mangel av sykkel-korg
 må ein improvisera

Overskot hadde uansett eg nok av, der eg trava oppetter bakkane med Pedelett'en på slep. Heime kjem eg meg så vidt opp bakkane til Norheim utan ho El-frid (el-sykkelen) og her fer eg som ein sputnik oppetter. Kva skjer?

Og for ei utsikt som openberra seg! Eg har vore der tidlegare, men det overveldar meg nok ein gong det der. Dette er Himalaya nok for meg. Eller Kvitingen for den saks skuld.

Havet er blått
og det meste er til sals. 

Det kan vera det er planar om å byggje ut denne halvøya som stikk ut i Kreta - sjøen.


Men dei forsøka som har vorte gjort, står anten uferdige eller fråflytta. Eller kanskje ikkje ein gong innflytta.
Er det pandemien som står bak? I eit land der dei vegrar seg mot å betala skatt, var det kanskje ikkje så mykje hjelp å få frå det offentlege, den tida den herja som hardast.
Årsakene kan vera mange, men mangel på folk/turistar ser det ikkje ut til å vera.
Heller ikkje så seint i sesongen som no. 

Tomt. Stengt for sesongen? Aldri opna?

På toppen ventar sterk vind, vindmøller, flat veg, utsikt og snart nedoverbakkar. 




Omlag 9000 steg og ei flaska vatn seinare.
Det var verdt kvart einaste steg og kvar einaste slurk.
Vindmøller kan diskuterast, her som alle andre stader.
Men for meg virkar det logisk og kva alternativ finst her? 
Kraftkundane betaler nok dyrt og overskotet går til storbedrifta Plastika Kritis. Ei bedrift som produserer plastikk!
Og det er det meir enn nok av.


Lite eller ingen sirkulasjon, etter det eg kan forstå.
Ingen panteordning for flasker.
Det fyk rundt øyrene på oss, nær sagt. Og eg klør i fingrane etter å rydda. 

1 kommentar:

  1. Nydelige bilder 🤩 har fått reisehåndbok i hus 🤗🤗

    SvarSlett