fredag 29. september 2023

Himmelen har opna seg

 

Himmelen har opna seg - det ausar ned. 
Godt for jorda, som er knusk tørr.
Spørs om det hjelper så mykje - då regnveret ikkje varar så lenge her i strøket.
Eg skundar meg å koka meg ein kopp kakao - slik eg ofte gjer heime på Norheim.
Det er nesten litt koseleg.







Eg har vore på bakeriet å henta sykkel.
Ikkje at dei har sykkelutleige der, men min ven Nickos har lånt meg sin sykkel og plassert den hjå bakaren. 
Sykkelen får raskt namnet "Pedelett", , då 
 ein kvar sykkel med respekt for seg sjølv, må ha eit namn. (Sykkel er podilato på gresk)

Me; pedelett og eg, tok oss ein rundtur i aust og vest og det var kjekkt å kjenna at det meste var med det same. Sjøen var varm og det var berre å benytta seg av det etter beste evne. 


"Min nye greske familie"

Gamlemor, som sikkert ikkje er så gamal, inviterte på frappé under oliventreet då ho såg eg var vaken og oppe. Nabodama kom over og dei andre i familen (også leigebuarar?)
6 personar under treet i alle aldrar.
Det gjekk i gresk for det meste, men her snakkast det ganske godt tysk hjå den eldre garde. Og dermed gjekk det an å foreta ein enkel samtale også for meg. 




            



Ny morgon  - nye mogelegeiter. 

Plan for dagen er ekspedisjon til nabobyen for å fiksa bremse-wire. 
Den eine er nesten av og eg har via truverdige kjelder, høyrt at det skal vera ein som fiksa slikt i nabobyen. 
No har det seg slik at den lokale bussen ikkje tek med syklar og vegen dit er nokså trafikkert. Men det er ikkje noko heft, seier dei her. Så eg tek sjansen og dreg avgårde før det vert for varmt. 


Vart vekt 06:15 av tankbil utanfor baderomsvindauga. Reknar med den skulle tømma kloakken, då her verken er kyr eller sau i næraste nærleik, etter det eg kan sjå. 
Med nybryggja kaffi i min medbrakte bodum presskannekopp, tok eg meg ein tur ut bakdøra, for å sjå himmelen opna seg igjen. Denne gongen for sola.










Rusla langs olivenlunden på den naturleg brulagde vegen. Eit nokså trist syn møtte meg. 
Fråflytta bikubar og forfall generelt. 
Men oliventrea står og dei ber frukter som vert hausta seinare på året. 
November - desember etter det som har kome meg for øyra. 



For ein person med mot og kapital, er det potensialer då.
Her er det eit oppussingsprosjekt 
 for sal.
Mmed utsikt til Spinalonga.

Løp og kjøp!

3 kommentarer:

  1. Du beskriv så fint ❤️ her kjem snart reisehåndbok i hus 🤗 husk du er vanntett 😅

    SvarSlett
  2. Fekk du skifta den vaieren?

    SvarSlett
  3. Interesant å lesa om kunsten å gå og trø seg gjennom tider som kjem og ikkje går i stå. Detta kan du og takk fø da, for kjekt e da å lesa deg og kvila augo på det du får å sjå.

    SvarSlett