Når problema no om dagen, ikkje er større enn eit flatt dekk, så har ein det ganske så bra.
Så ja, eg har det ganske så bra.
Men då eg oppdaga at framhjulet mest sannsynleg var punktert, måtte eg nødvendigvis gjera noko med det.
Difor vart hjulet demontert og tatt med på bussen til nabobyen. Der held Manolis sykkelfiksar til.
Men etter den behandlinga dekket har fått, så var det ikkje anna å venta eigentleg.
Eg har fiska litt hjå den lokale sykkelutleigaren, om han eventuelt kunne hjelpa meg om noko skulle henda, men han har vore svært så tydeleg på at her tek dei ikkje jobben frå nevøen i nabobyen.
Så her var det berre å lyda gamle onkel og ta turen. Heldigvis var det kun hjulet som skulle med, så kunne eg denne gongen ta bussen.
Vel framme synte det seg at Manolis hadde tatt turen til Elounda, kor eg kom frå.
Men faren som passa butikken, var veldig hjelpsam og blid og kunne i tillegg litt svensk;
Jättebra, sa han!
Poly kala, sa eg.
Og så skratta me litt.
Kvar dag går det båt etter båt etter båt ut til øya Spinalonga.
På øya finn ein det som opprinneleg var ein bastant festning, som har æra for å vera med å halda fiendar vekke frå Kreta i fleire hundre år.
Seinare vart dei militære og familiane deira, flytta frå øya og det vart bygd opp ein lepra-koloni der. Dette er gjort verdskjend av forfattaren Victoria Hislop gjennom romanen Øya.
Dette er nok hovudårsaka til at så mange finn vegen ut dit, kvar dag, år etter år.
I fylgje verdensveven, kom det i 2022; 500 000 gjester ut til Spinalonga. I august same år, var talet 3500 pr dag.
Likevel kunne ein også spora teikn til opprydding og oppussing.
Tilfeldigvis var kona til han eg låner sykkel av, på jobb som guide der ute denne dagen. Og like tilfeldig traff eg på henne.
Ho hadde eit dystert bilde av utsiktene til Spinalonga si framtid. Slik ho observerer det, gjer auken av nedbør noko med den gamle støypen. Den renn bokstavleg tala, ut i havet.
Og dei statlege midlane til bevaring av slike kulturminner, er ikkje lette å få tak i.
Har ei kjensle av når ein kan syna til besøkstal av denne storleiken, vill midlane sete laust.
Mogeleg bygningane då ville vore sett i stand slik dei var sist det budde folk der ute?
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar