Dei dukkar stadig opp og i ulike utgåver.
Mitt nye bekjentskap på den lokale sykkel-utleiga, fløyter og vinkar når han ser meg langs vegane ein tidleg morgon.
Vertinna mi, Georgia, som kjem på døra med ferske egg frå hønsegarden eller ei kake ho nettopp har baka.
Ei grytidleg morgonstund, ta kruset med nybryggja kaffi og gå ned til stranda for å sjå sola koma opp over Kalydon.
Å forstå kva folk seier når dei helser meg på gresk og å greia å svara riktig.
På gresk.
(med assistanse frå min tidlegare kollega, som er halvt kretisk. Tusen takk, Maria!)
Når Maria (eg trur Maria og Nikos må vera dei mest vanlege namna her i området) på Eden cafe vinkar gjenkjennande og seier "kali mera!", når eg syklar forbi.
Når far til sykkelreparatør Manolis, helser meg som ein god gamal venn når me tilfeldigvis møtest på markedet.

Det som er felles for oss alle, er at me er som bussjåførane heime; me helser på kvarandre. Uansett fart og utstyr.
Det er hyggjeleg!
Krukka med små gleder fyllest sakte men sikkert.
Eg skal setja på lokket og ta vare på dei.
Men den vert nok aldri fullare enn at eg kan fylla på.
Men den vert nok aldri fullare enn at eg kan fylla på.
Glimrande seglingsforhold.
Det er tydeleg at "sesongen" går mot slutten. Fleire tavernaer stengjer ned og set opp skilt med; "see you all next year!"
Men framleis går det dagleg fulle båtar ut til Spinalonga og både fransk, engelsk og tysk er å høyra i gatebildet.
Fine bilder Inger !! ❤️ kjenner eg gler meg veldig !
SvarSlett