mandag 9. oktober 2023

Eg har mista både munn og mæle



På veg oppetter bratte bakkar, på veg ut i det blå,  tikka det inn ei melding frå Norge; 
Jon Fosse fekk Nobelprisen i litteratur.

Svar; What!! 
Jøye meg. 

Eg bøygde meg i støvet og uttrykte meg både høgt og tydeleg om kva eg tenkte akkurat der og då. 
Det var kun sykkelen som høyrde meg.



Bobla eg befant meg i sprakk så det skvatt. 
Her var det berre å setja seg ende ned på næraste sitjeplass og orientera seg ut i verda.
Eller mot Norge for å vera korrekt. Det er nesten for stort til å fatta. Ingen ord er dekkande.

Nyheita surrar rundt i tankane medan vegen går gjennom små landsbyar, forbi kyrkjer på kva ein knaus, oppetter, oppetter, oppetter.



Og går vegen oppetter, går den nødvendigvis også nedetter.
Eg takkar mine nye bremsar og trillar i full fres i retning salt sjø.
Ned til eit bad  på baksida av muren rundt Ascension kyrkja.

Av og til kikkar det nokon over muren og smiler forsiktig. Her får eg vera heilt i fred.

Ein og annan båten tukkar forbi. 
Ellers er det kun bølgeskvulp og palmesus. 

Eg lever her og no.
Prøver å ta det som det kjem. 
Nyta friheita me trass alt har.

Eta når svolten fortel at det trengst mat og ikkje når klokka er slagen; måltid. 

Likevel tek eg meg i å gong på gong, planleggja neste trekk.

Når går bussen eg skal ta? Om ei veke! 
Kva med ferien til neste år? Er det ikkje på tide å tenkja litt på den no?


Dagane går og frå å vera overvelda av Nobel- begeistring og ro og fred, vaknar ein opp til eit nytt krigs-sjokk.
Det har eksplodert i Midt-Austen.
Det er ikkje til å fatta.

Eg har nok ein gong, mista munn og mæle


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar