Grunnfast.
Det eldgamle treet, eller resten av det eldgamle treet.
Lever
det?
Eller er det berre skallet som gjenstridig står att.
Eit
skall som gøymer på ei historie.
Ei historie som fortel om liv og
levnad.
Mosen har tatt eigedom i overflata og det lagar liv.
Men det er taust, treet.
Korleis skal ein få tak i den historia?
Kven gjekk forbi her?
Korleis såg dei ut? Kor gamle var dei?
Var dei i familie? Var dei landeigarar eller husmannsfolk? Hadde dei kyr eller sauer eller begge deler? Hadde dei høner?
Slik kan ein halda på, ein tidleg morgon der ein går, for å adlyda smartklokka si oppmoding om å røra på seg.
Og når oppmodinga er innfridd og "bevegelseslinja" er tømd, då er det stega som tel.
Skal tru kor mange steg får ein i dag?
10 000? 12 750?
Ein kveld med strikketøyet i hendene, oppnådde eg brått og uventa målet på
10 000 steg. Utan å lea meg ein meter.
Det var fusk. Rein og skjer lureri. Smartklokka let seg lura av rørslene strikkinga gjorde.
Ein ny tidsalder . Vår. .
Og treet står der framleis.
Grunnfast.
Inn i vår tidsalder.
Det er noko å tenkja på.
Ja, inn i ein ny tidsalder.
SvarSlettVår. Tida går. Trea står støtt.
Grunnfast.
Det er noko å tenkja på
når ein ustø går forbi
og minnast
Tre ord til deg
gløym ikkje meg .
Du skriver godt Inger.
SvarSlettTusen takk ❤️
Slett