torsdag 20. juli 2023

Vegen til verdas ende

"Dersom jorda er rund, og det må ein gå ut i frå at ho er, er kvart punkt på kloden eit midtpunkt" (fritt etter eit sitat av Olav H Hauge)


Ein tur til verdas ende, treng ikkje vera slutten.
Tvert imot.
Det kan rett og slett utvida horisonten - bokstaveleg tala. Rett til havs. 

Men turen starta i Hardanger i strålande sol.
Yaris'en tok oss over Seljestad og Haukelid. Og før me visste ordet av det, va me framme på Tjøme 

Eit midtpunkt på kloden







Eg er liksom på ei evig jakt etter sommaren. Kvar sommar. Og dette året fann eg den eigentleg i Hardanger. Så kvifor denne fartinga heile tida?
Ja det kan ein lura på. Og det lurer eg på sjølv også.



Med klar tale frå på ei dør, går reisa vidare.
Til sommar og bading og Munch sitt hus i Åsgårdstrand.
Ei av mange perler på kloden.




Eg skjønar Munch godt
Han treivst i Åsgårdstrand og bruka mykje tid der. 
Ein stad som samlar mange sommarglade folk i sommar-månadane, noko masteskogen i båthamna vitna om.

I vinterhalvåret er det heller stille. Men ikkje musestille, i fylgje dei fastbuande eg traff på brygga til Edvard'en. 



Etter brudlaupsfest på Ski, tok syster mi og eg bussen til Kristiansand.
Nok eit punkt på leit etter sommar.

Dei fyrste dagane møtte me 11,5 grader i sjøen og eit kjølig drag i lufta.
Då lengta me begge til Hardanger kor tilstanden var ein heilt annan. 
Slik kan det gå.


Utgjort.






Dette endra seg i takt med retur til Hardanger.
Sommaren kom i rett utgåve.
Så den dagen me skulle reisa vestover, vart bussbilletten endra til dagen etter. Det går også an. 








               








Fleire midtpunkt stod for tur.

Denne gongen nordover - med buss, strikketøy, lydbok og niste tok Vy meg t
il Nordfjord. Etter 7 år med invitasjonar, kom eg endeleg opp til tidlegare kollega Janne og den superhyggjelege familien hennar.
Kor humla susar og sauene beitar   



Med høge fjell og køntri.


                      

Ei vandring i Nordfjordeid, kor det tilfeldigvis var gatemat-festival akkurat denne dagen, og det i eit orginalt trehusmiljø. 

                      

Eid har mykje å by på.
Mest kjend for Operahuset (eitt av to i Norge)
og musikkfestivalen Malakoff
Det siste tok pusten frå meg, då eg skjøna kor stort det er!
11000 betalande publikum pr dag! 
Startar i dag. 
All mogeleg lukke til!



Veggmaleri  på "Gymmen"
måla av Telmo Miel.

1 kommentar:

  1. Du får virkelig meget ud af livet. Fuld af pågangsmod. Per og jeg nyder livet i sommerhuset i Ålbæk og at vågne op til livet på heden. Fortsat god sommer. Kh Turid

    SvarSlett