Sakte-liv.
Det er så mykje som godt kan gå sakte; laga mat, sjå på tv, reisa.Sakte-mat, sakte-tv, sakte-reise.
Når det gjeld å reisa sakte, kan det diskuterast.
Bergensbanen til dømes, var etter det eg har fått opplyst, raskare då han vart opna i 1909 enn det han er i dag.
Sakte skal gje oss fred og ro i sjela ikkje irritasjon, noko det kjapt gjer dersom ein skal frå A til B.
For meg er sjølve reisa ofte ein stor del av den totale opplevinga.
Er eg på tur, så er eg på tur.
No er tida straks inne for min årlege tur utomlands. Nærare bestemt Kreta.
Og dersom eg skal fylgja mi indre ro og reisa sakte, skulle det vore med tog eller båt eller begge deler.
Men det tek eg ikkje sjansen på. Då kan det gå i seinaste laget.
Det vert fly. Men med 6 timar ventetid i London, kan det vel kallast litt sakte, vel?
Med ei god bok og høve til å få tak i god mat og drikke, skal det gå heilt fint.
Det står ein sykkel å ventar på meg ved eit bakeri når eg kjem fram. Og klok av skade (gnagsår på baken i fjor), har eg pakka med meg polstring til sykkelsete. Eg har funne meg ei lita hytte litt utanfor tettstaden, og vonar den står til forventningane eg har danna meg. Det vil no visa seg. Men ein sykkel kjem vel med uansett.
Eg er spent.
Det skal verta godt med korte dagar og varme netter.
God tur og kos deg med den lokale vinen…
SvarSlettDu er en San livsnyder !
SvarSlettTakk for i dag og fram til du saman med trekkfuglane fyk til mykje sollys og varme! Nyt alt og alle med klem frå Arve
SvarSlettOg så ynskjer eg deg gooooode sakte dagar på Kreta.
SvarSlett