I alle fall inni meg og det av berre glede.
EasyJet tok oss frå Gatwick til Heraklion etter ruta (nesten). Ombord var det eit personale som såg ut som dei hadde arbeidsveke frå ungdomsskulen og antageleg er skammelig underbetalt og har heilt umenneskeleg arbeidstid. Men for å fly til denne delen av Kreta på denne tida av året, finst det få alternativ. Så slik vart det no eingong. Og dei gjorde jobben sin til fulle!
Ned kom me og der stod det ein kar med namnet mitt på ein lapp.
Eg har alltid hatt ein hemmelig draum om å verta tatt imot på denne måten ein dag. Ser liksom litt sånn VIP ut. Denne draumen har vore så hemmeleg at eg ALDRI har sagt det høgt. Ikkje stille heller for den saks skuld.
Eg har eit hus på Kreta!!
Ikkje mitt sånn på ordentleg, men for nokre veker! Det er ein stad eg har sykla forbi mange gonger og tenkt at der bur det også nokon. Og no er nokon meg. og det kjennest heilt greitt ut.
“Saman er ein mindre aleine” er tittelen på ei bok av den franske forfattaren Anna Gavalda. Kjempe god bok, forresten.
Men slik eg kjenner det nett no, vil eg skriva det om; “Sterkast er eg når eg er aleine” og det kjennest heilt fint ut det også.
På Gatwick og på flyet ned, slo det meg at eg aldri har sett så mange “fixa” fjes på ein gong, på ein stad. Er det eit britisk fenomen eller er det slik heime også. Har liksom ikkje sett så mange som der. Litt som Hollywood - der mange fiksar i vei og ikkje tenkjer på at dette vil sjå rart ut om nokre år.
For ikkje å snakka om dei “tannkostane” av noko vipper dei festar på augene. Så tunge at det ser ut som dei går i halvsøvne. Og negler så lange som klør.
Og dei må synast at dei er fine. Og eg har ikkje noko ned det. Verkeleg. Folk må få gjera som dei vil. Dristar meg likevel til å fremja spørsmål til om dei med disse enormt lange neglene, får til å tørka seg bak?
Mangt ein lurer på i ein sådan stund. Jaja.
Og arme "Armenistis", som eg har skreve om før, har kome på sjøen.
Han har lagt på land så lenge eg har vitja staden (fyrste gong 2014).
Og eg hugsar godt dommen Thomas gav denne stakkars skabelonen - han søkk om nokon startar han opp. Då går han bokstaveleg tala opp i saumane.
Det vert ikkje "piger, vin og sang" på meg i kveld, men tomater, ost og oliven.
Og litt vin.
Fyrste kapittel i soga om årets, les: lngers greske septembertankar, ord og gjerningar teiknar bra! Takk ska du ha fø da!!!!! meir, Meir, MEIR!!!!!
SvarSlettTusen takk
SlettDiggar å fylgja deg på reisa Inger. Nyt tida, og del gjerne med oss❤️ klem frå Merethe
SvarSlettTusen takk Merethe <3
Slett