I skikkeleg regn og blest måtte eg ikle meg den fotside svarte regnfrakken frå SAS. Den eg fekk av Broremann på 80-talet. Broremann var stuert i SAS og greidde å skaffa meg ein tynn og lett heilt fotsid svart regnfrakk. Broremann var ikkje min bror. Han var bror til to andre. Men i heimbygda var han alle sin Broremann. Slik var det berre.
Regnfrakken var uansett god å ha i dag. Skikkeleg Bergensregn frå alle kantar. Slikt regn som snik seg inn overalt.
Men no er eg inne under tak, nærare bestemt på Flesland flyplass.
Eg er forbi den obligatoriske sikkerhetskontrollen klar for venting. Fyrst her i Bergen og så i London - før eg landar i Iraklion på Kreta i kveld.
Eg føler meg alltid litt "kriminell" når eg går gjennom sikkerhetskontrollen.
Og sidan eg er ein av dei heldige som har fått skifta ut defekte deler både i hofter og kne, vert eg alltid stansa og tatt til sides. Det vert litt ekstra vesen. Gjennomlysing, sjekking under beina og ditt og datt.
Men det er ein frivillig øvelse å ta fly. Og det er bra at me vert passa på.
Det er lenge sidan, om nokonsinne, eg har hatt reisefeber på det nivået eg hadde i går. Er det alderen? Behovet for tryggleik?
Men det er ein frivillig øvelse å ta fly. Og det er bra at me vert passa på.
Det er lenge sidan, om nokonsinne, eg har hatt reisefeber på det nivået eg hadde i går. Er det alderen? Behovet for tryggleik?
I dag er feberen som blæst vekk. Totalt feberfri nyt eg no ein kopp kaffi og ei medbrakt skjeve i påvente av ombordstiging til fyrste destinasjon - Gatwick.
På veg!
"Be sure to put your seatbelt in an upright position", sa flyverten i same andedrag ho annonserte 1/2 time forsinking.
"Godt eg har god tid" tenkte eg og kom til å hugsa den gongen flyverten var så ivrig i tenesta at han sa; vi ber deg beholde setebeltet på så lenge du sitter i stollommen foran deg"
Det går litt fort i svingane av og til.
Inn for landing
Flyet går inn for landig.
Klokka er ein time før her i UK og eg belagar meg på lang ventetid.
Eit yrande liv på ein heller sleten flyplass, men som nemnt; eg har valgt det heilt sjølv.
Reknar med at resten går etter planen og kjøper meg ein kopp te.
Inn for landing
Flyet går inn for landig.
Klokka er ein time før her i UK og eg belagar meg på lang ventetid.
Eit yrande liv på ein heller sleten flyplass, men som nemnt; eg har valgt det heilt sjølv.
Reknar med at resten går etter planen og kjøper meg ein kopp te.
Det går bare en veg! God tur ut av Brexit-land! (Har ikke logga meg på skikkwlig, så jeg forblir anonym. Så kan du gjette hvem jeg er!)
SvarSlettDu er god til at se de gode detaljer Inger.Det trivielle bliver tillokkende.
SvarSlettNyyyyt og kos deg. Hugs å stiga ut av stollommen før landing🤣🤩🥰🥰🥰
SvarSlettRiktig god tur Inger !! Ønsker deg en flott ferie 🍷🌞😎🎶💃🚶🚴🏊🏖️. Klem fra Sandsli 🥰🫂❤️
SvarSlettWow - på vei til Krets. Det hørtes deilig ut. Du er god til å planlegge oppbyggelig ting. Kos deg i syden. Forresten så har du et godt ordforråd, og du bruker det sånn at det blir kjekt å lese. Klem fra Inger Ellen.
SvarSlettGod tur Inger !! Send oss masse bilder og sol og pass på deg sjøl! NYT! Klem frå Eva
SvarSlett