Det vil seia, den er der no heile året, men er lettare å imøtekoma om våren av ein eller annan grunn.
Nisselua på Danmark, Grenen, openberra seg under meg. Eg var på reise. Og planen var ei skikkeleg rundreise i Danmark og Norge. Litt med fly, mest med tog og litt ferje.
Fyrste stopp Falster.
Ikkje minst vind.
Og isande kaldt. Ikkje mykje fristande å dukka seg, sjølv for ein røynd vinter-dukkar.
Men fine turar på stranda saman med veninne Annette og hunden hennar Jette, kombinert med filosofering over livet, strikketøy og kaffi då me kom heim att.
Folk flest svara meg på dansk, der eg knota på med min norsk-dansk. Men nokon ville helst snakka engelsk. Det er eit merkverdig fenomen, då språka i bunn og grunn er dei same.
Og då språket til Annette er tysk, vart forvirringa total. Ei vindig veke gjekk fort og det var tid å toga vidare.
Med mål København, var det ikkje lange turen. Og etter ein liten busstur, sjekka eg inn hjå nevø Hallgeir og hans familie på Nørrebro. Det er ein svært hyggjeleg familie å sjekka inn hjå, så eigentleg kunne eg tenkt meg å berre vera saman med dei.
Men dei har travle kvardagar, så eg hadde tenkt ut kva som var kjekkt å gjera som det var ei stund sidan eg hadde gjort.

Der bur Kristin, med opphav i Norheimsund. Ho var heima med sjuk dotter og iviterte på deilig lunsj. Dansk bakverk og hyggjeleg prat.
Då ho høyrde at eg ville ta turen innom Louisiana Kunstmuseum, anbefale ho meg å spasera langs sjøen ie kilometerane sørover til Humlebæk.
Ei anbefaling eg fylgde
Gammel Strandvej |
Hus etter hus med strå på taket.
Velhaldne og bebudd.
Ei vandring attende i tida.
Velhaldne og bebudd.
Ei vandring attende i tida.
Louisiana syner fram spanande kunstverk av nyare og eldre opphav.
Ein av mine favorittar, er Louisiana si eiga samling med kjende verk av Andy Warhol.
Spesielt salige Marilyn.
Heimelaga pasta og god prat på kvelden var ein fin avslutning på Kønehavn-opphaldet.
Og neste stopp var Århus.
Ei nydeleg reise gjennom flatt landskap over øy og land.
Og neste stopp var Århus.
Ei nydeleg reise gjennom flatt landskap over øy og land.
Boy |
Med Per som sjåfør, fekk eg sett Århus og omegn. Ikkje minst garnbutikkar, då eg var gått tom for restegarn....
Og ei reise utan strikketøy går ikkje.
Og ei reise utan strikketøy går ikkje.
Der er dei igang med eit større bygg som skal romma ein James Turell installasjon
Det vert spanande å sjå om nokre år.
Ved vegs ende i Danmark, og etter nok ein togtur mønstra eg på Color Line si rute til Larvik.
Flatt hav og strålande sol - kan ein ha det betre!
I Larvik møtte eg Edith som baud på kaffitår og god prat og skyss til bussen til Tønsberg. Der sjekka eg inn hjå Inger og hadde nokre fine dagar der.
Flatt hav og strålande sol - kan ein ha det betre!
I Larvik møtte eg Edith som baud på kaffitår og god prat og skyss til bussen til Tønsberg. Der sjekka eg inn hjå Inger og hadde nokre fine dagar der.
For oss som trudde at misteltein er noko koseleg forbunde med kjærleik, så løærede eg noo nytt på vår vesle utflukt til Horten.
Der har planta tatt bustad i det den kan finn av lauvtre og regelrett snyltar på dei.
Overalt og meir eller mindre i heile byen. Merkverdig Horten-fenomen.
Eller kan det meldast at Horten er ein bra by det godt går an å opphalda seg, i trass i rusta og forfalne forsvarsbygg.
Og no er det Nattjazz og Festspel i Bergen.
Det går an å opphalda seg der også, trass i regn
Inger, du er et skønt menneske at få besøg af. Godt at mærke familiebånd.
SvarSlett