Eg har sagt det før og med fare for å gjenta meg til det kjedsommelige, eg er nøydd å nemna det igjen;
Eg elskar mørkret
Ikkje nødvendigvis heile døgeret, men eg skulle sett at ljoset vert sløkt sånn i seks-sju tida.
Få på mørkret slik at eg kan finna ro.
Dei fleste kommentarar går no ut på at går me mot ljosare tider og då vert alt betre. Betre enn kva?
Eg ser med skrekk og gru mot ljose sommarnetter.
Ljoset stressar meg opp og eg kjenner meg nøydd å gjera på noko heile tida.
Eg opplever mørkret som ei god dyne som pakkar meg inn.
Trygg og god.
Det er ikkje det at eg ikkje likar ljoset, men det er mengeden.
Alt med måte, liksom.
Ok - dette er gamalt nytt og eg er sær.
Men berre sjå kor vakkert det er - mørkret!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar