fredag 6. januar 2023

Tida kom til meg

A room with a view

 ......men så forsvant ho så fort.
Og kor vart ho av. 

1. april tok eg ut ferie og 1. mai gjekk eg av med AFP

Og eg må vera ærleg å sei at eg tenkte litt på korleis dagane ville verta. Om dagane til dømes kunne verta litt lange.

Om eg ville verta sitjande å sjå på tv eller i veggen. 

Tid ville eg uansett få nok av, var konklusjonen.

Men du verda, her går det unna. Og no er me til og med inne i eit nytt år.
Barnebarn har eg fått og no trillar ho rundt og bablar i veg allereide.
Det deilige med å vera sin eigen herre, er at det kan eg gjera på sparket, nett når eg vil, akkurat det eg vil (innanfor økonomiske grenser vel å merka)
Og sjølvsagt har det resultert i nokre turar i inn og utland.

Så no har eg pause.
Og den pausen har eg på Lærdal sjukehus. Ikkje fordi det er noko alvorleg gale fatt. Men for å fiksa litt på eit kne som alt er fiksa på, men som måtte fiksast litt meir. Og som no skal vera tipp topp i fylgje ekspertisen. Eg har stor tru på ekspertisen.

"Lunsjbading"
Men kor vert ho av, denne tida?
Det filosoferer eg litt over. 
Og går ho så fort som det kjennest ut? 

Her må det handlast. Ikkje i varer og tenester, men i opplevingar. 

Me lever no, og det må gjerast på beste måte.





1 kommentar:

  1. Ja, so e da me da - den tida! Nyss heimkomen frå ein månad i sørlege Afrika, fekk eg atter ein gong erfara at tid er noko som kvar dag kjem og ikkje gjekk tapt i går. Nyt dagen, set deg ne' med nytt kne og vent på morgondagen. God betring!

    SvarSlett