![]() |
Kjelde: mostphotos.com |
Løkkeskrift eller store bokstavar.
Eg likar å sitja å dilla med skrift.
Og då helst med fyllepenn.
Eg likar å senda brev.
Eg likar å senda brev i posten. Med frimerke på. Ikkje noko kvit klistrelapp frå ei datamaskin på Coop'en.
Nei, det skal vera frimerke.
Og helst med eit vakkert motiv.
![]() |
Kjelde: posten.no Kunstnar: Martin Mörck |
Min gode ven Martin er det som på fagspråket heiter gravør.
Jobben hans er å gravera motiva me finn att på frimerke og pengesetlar.
Frimerke og pengesetlar?
To utdøyande fenomen.
Men fenomena finst.
Han jobbar. Han jobbar mykje.
Han jobbar heile tida med å laga pengesetlar og frimerke til land i heile verda.
Det gjev meg håp
Kan henda det til og med vert "in" med "setlabok" igjen?
Kan henda vert det "in" å senda brev i posten med vakre frimerke på konvolutten? Og at post-omberarane kjem til oss kvar dag, med ein liten historie oppi ein konvolutt med frimerke på?
Ein historie ein brev-ven har forfatta over kortare eller lengre tid. Noko han eller ho har opplevd og har lyst til å dela med deg. Eller meg.
Faktisk har eg to brev-vener. Eg har kjent dei lenge og idéen om å skriva brev, er noko me har funne på ilag. Me sender brev til kvarandre med posten.
Med frimerke på.
Den eine av dei to, skriv med fyllepenn. Og mine svar er ført i pennen med nettopp, fyllepenn.
Kjelde:islandstolens.com |
Men som faktisk ikkje vart lagt ned før 30. juni 2008.
Meir spaning enn då den karakteristiske konvolutten frå Finland dukka opp i postkassen, skal du leita lenge etter.
Kjelde: Facebook |
Men andre har faktisk vara til dags dato. Og no går kontakten via Facebook eller e-post.
Men i dag dukka altså tanken om å finna nokon i verda som likar å skriva brev. Med penn. Fyllepenn.
Og ellers då?
Jau, i ettermiddag kjem det ved til husar.
Då er det berre å få det inn før regnet kjem - om det kjem?.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar