"Du er på farten heile tida", sa ein god ven her om dagen.
Og ja, eg er kanskje det? Det vera seg på sykkel, med buss, med tog eller fly.
For eit privilegium, å ha høve til å reisa dit ein vil når ein vil. Innanfor ei forsvarleg økonomisk ramme, vel og merka.
Brua (moloen) til jentene |
På veg heim frå utlendiheit til Norheimsund, svinga eg innom gode veninner i Tønsberg og omegn.
Eit område soom tiltrekkjer meg.
Eitt av Edvard Munch sine paradis.
Er eg kanhenda, delvis austlending?
Vel har eg ein tipp oldefar frå Telemark, men at det kan ha stor påverknad på meg idag, det veit eg sanneleg ikkje.
Uansett, eg kan lika at folk snakkar til meg sjølv
om dei er totalt framande.
Er dette austlandsk ferdalag, eller legg eg berre meir merke til det når eg ikkje er heime og kjenner "alle".
Malerisk plante i Åsgårdstrand |
Med sosialt påfyll og litt Edvard Munch, var det tid å setja seg på toget heimover, med ein nyerverva tittel i bagasjen.
Ei aldeles nydeleg lita jente er komen inn i familen vår og ei ny tidsrekning har starta.
Og eg har fått status "Grova-Besto"
Det gjeld å ta vare på dei gode opplevingane. Spesielt no når det verkeleg er mykje
ubehageleg som foregår rundt om i
verda.
Verkeleg!
"Ein må ta gledene på førehand, så har ein i
alle fall hatt dei" (Ingvard Wilhelmsen)
![]() |
El-Frid |
Heime i Norheimsund, er det sykkel som er gjeldande framkomstmiddel.
Ho El-Frid er ei trufast veninne i allslags ver. Ho lastar ufatteleg mykje og eg har frakta både golvteppe og juletre saman med henne.
Til lengre turar, tyr eg til leige av "Tytebæret".
Ein liten raud Nissan Micra med sveiv til vindaugene og kassettspelar.
Svartisen |
Vinnaren vart den for meir bynære strøk, sjølv om eigedomen ein halv times tid nord for byen, var og er eit paradis. Men husværet dei flyttar til, er sanneleg ikkje langt borte heller.
Mitt bidrag til flyttinga var å vaska ned huset dei flytta frå, så her var det berre å kasta seg opp i skyene igjen.
Widerøe frakta meg trygt både oppover og nedover den fantastiske kysten vår. Og det i strålande sol.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar