søndag 28. august 2022

Den største luksus


"Den største luksus i livet er ensomhet, det gjelder bare å møblere den med indre liv"

(Henri Matisse)

Eg kjenner på møblementet i mitt liv nett no og ja, det er luksus. 
Luksus å leva i eit land med så pass stor grad av tryggheit og friheit. 




Luksus å setja seg på sykkelen og sykla ut til min eigen vesle lagune kor eg kan hoppa uti lunka sjø og oppdaga skapningar eg aldri har sett før.

 
Dette er mest sannsynleg ein slags anemone
eventuelt ein stor
nakensnegl

Og plutseleg dukkar det opp to veldig små karar med fiskestenger og mange ulike slukar.
Eg kan spent fylgja med på om dei får noko på kroken. 
Men nei, ikkje denne gongen. 
Stor underhaldning. 


Det er luksus å disponera eige liv og eiga tid.
Men sume tider er ein nøydd å forhalda seg til andre sine tider. Det kan til dømes vera å koma presis til jobben, det kan vera ein avtale, 
ein bussavgang eller ein flyavgang.

Avslutinga av opphaldet på Kreta denne gongen, innehaldt  
ein avtale, ein bussavgang og ein flyavgang. Så eg putla meg avgårde med bussen etter å ha fylt kofferten med litervis av lokalprodusert olje. Tungt og fælt, men likevel. Viktig reiseminne. 

Sidan returbilletten min gjekk frå Chania, vart det ein ny busstur. Turen via Heraklion til Chania er alltid like behageleg og full av inntrykk. Og som eg før har nemnt, er bussane på Kreta både komfortable og til å stola på.
Vel framme var det fram med Google-maps for å finna vegen til huset til Penelope, som det viste seg heitte Athina. Ein fantastisk vert som tok imot meg etter alle kunstens reglar. Eg fekk med meg den kollosalt tunge kofferten opp til 3. etasje. (Ho tilbaud seg å hjelpa, men her skal ein klara seg sjølv må veta) Og det var verdt kvart trinn. Vel oppe på rom nr 6, vart eg møtt med ei nydeleg rose på senga. Ei rose som nesten var for fin til å løysa opp å bruka til å tørka seg med. Ei rose som faktisk lukta rose. 

Store byar fulle av folk, kan vera spennande. Men ikkje alltid. 
Og glad var eg då klasseveninne frå 1. - 9. klasse, hadde tid og lyst på besøk.
Ho er så heldig at ho har fått kjøpt seg hus på ein nydeleg stad, vest for Chania. 
Der var det sitrontre i hagen og avokado-plantasje på nabogarden. 
Nydeleg mat på den næraste taverna'en (eller kafeneio'en). Kort veg til havet og ellers all den enkle luksus ein kan tenkja seg.
Tida går svært fort i godt selskap.
Kvelden senka seg og det same gjorde sola. 
Det var punktum for mitt opphald på Kreta i denne omgang. 
Kilovis med koffert vart buksert ned trappa igjen og trilla til busstasjonen kor bussen frakta meg ut til flyplassen.

Eg fekk eit siste glimt av øya og fokuset vart vendt heimover mot Norge og hausten og alt som skal henda der frametter.  

Tusen takk for turen!

7 kommentarer:

  1. helland-hansen tonni28. august 2022 kl. 07:16

    så kjekt å få være med på turen Inger, du gjør det så levende 🙏

    SvarSlett
  2. Så kjekt å lesa kor kjekk ferie du hadde🤗😀🌞🤩🌹

    SvarSlett
  3. ❤️leg tusen takk for turen Inger!

    SvarSlett
  4. Ein gler seg til den neste, i alle fall eg. Helsing Arve

    SvarSlett
  5. Eg heng litt etter, men historiane dine er jo like gode for det. Eg er så glad for din nye fridom og at reiselysta framleis er like sterk .

    SvarSlett
  6. Gode ord på ferieindtryk. Måske en lettere kuffert næste gang. Hvis klimaet tillader flyvning.

    SvarSlett