lørdag 20. august 2022

What is your name? Where do you come from?


Lurer av og til på om eg skal vera uhøfleg og ikkje svara.
Eller alternativt svara Ewa from Germany, eller noko?
Er det velmeinande? Det merkar eg fort. 
Men som aleinereisande, vert eg nok litt skeptisk 

Det kan verta nok sol innimellom. Eller kan det eigentleg det?
Tanken min var uansett at det kunne vera greitt å ta ein tur til ein ny stad. Då peika Sitia seg ut som ein stad som var overkomeleg pr. buss både i reisetid og økonomi. Bussane på Kreta går sånn nokolunde når det skal og dei er komfortable og kjølige. Dessutan har dei fantastiske sjåførar. (Dersom skyss hadde tilsett ein sjåfør frå Kreta hadde eg følt meg svært trygg. Også på vinterføre (trur eg)Red.anm.)

Så vart det altså Sitia. Fyrst ein kjapp tur innom Agios Nikolaos, før ny buss vidare til Sitia. Trudde i min naivitet at eg skulle gjennom upløygd mark.

Men så var marka svært så pløygd viste det seg.
I Agios Nikolaos kom eg i snakk med ei svært hyggjeleg dame, Andrea, frå i nærleiken av Regensburg i Bayern.
At bussen kom 30 minuttar etter oppsett tid, merka me nesten ikke. Og ikkje var det så nøye heller. Me skulle ikkje nå noko fly eller noko.
Det bar over haug og langs langs hav. Vegane var breie og av høg standard og like svingete som på Vestlandet. Og sidan eg er av dei heldige som ikkje vert bilsjuk, så fekk eg med meg både eitt og hitt på turen.


Mellom anna Macrame Bar! 
Her er det lagt ned eit møysommeleg stykkje arbeid. 
Alle parasollane og dersom ein ser nøye etter på nærbildet, små "hytter" med sofaer inni. 
 

                 



På bakketoppane langs vegen, vaks det opp ein skoge av vindmøller. Og eg la merke til at det faktisk var eitt og anna solpanel plassert der også. Det må etter min vesle kunnskap om sådanne, vera ein lur ting for framtida?
Med så mykje sol som her er.



Eg hadde sett for meg at Sitia var ein knøttliten fiskelandsby. Men eg trur eg måha sjegla litt då eg las meg opp på dette. Eller så er det noko med byar som har flyplass? I Sitia her dei flyplass.
Roen eg føler her eg oppheld meg til dagen, er heilt annleis. No var eg heilt tydeleg komen til "Syden". Og det er vel og bra, det er berre at eg føler meg ikkje heime der.
Eg fann fram til ein stad å innta eit måltid før eg ville koma meg attende. Og valet landa på restauranten Tzivaeri som ligg nede i havna. Der plukka eg ut sjømatsalat som vinnar og det mine damer og herrar, var verd heile turen. Eg berre seier det. Om nokon av lesarane, nokon gong rotar seg over haug og nabb til Sitia, prøv den!


Det er ufatteleg kor folk slår seg ned. Det er meir eller mindre fråflytta falleferige eller halvferdige hus overalt her på øya. På den mest øde stad, utan synleg tilkomst, står det eit hus.
Derimot har dei mellom her og Sitia tydlegvis teke teksten til Olav H Bremnes på alvor.

For i og med at det er montert solpanel på taka, skulle ein tru det budde folk i husan? 
Og at dei som bur der kanskje lever av å produsera honning?

Kveldsbad og ein roleg kveld på balkongen.
Det er helg og Spinalonga har fått lys.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar