Det er svært tidleg morgon.
Sola gøymer deg
bakom "dei seks systrene".
Det er vakkert og eg set meg på balkongen og ser. Dei fyrste fiskebåtane fyrer opp semi-diesel'en og tukkar utover.
Slik lever dei her, tenkjer eg.
Ja, det er varmt og det er vakkert.
Og eg tenkjer at slike tankar gjer eg meg også heime, når Hardanger syner seg frå si beste side.
Ei stor oppleving rikare vart eg då eg vandra opp Kato Elounda i går kveld. Eg hadde sett at det skulle vera konsert der og eg hadde sånn halvvegs sett for meg korleis det skulle gå føre seg;
Tre karar på strengeinstrument og ein liten lyttarskare, beståande mest av turistar. Kor feil kan ein ta.
Det var rigga til med ein god del stolar utanfor kyrkjedøra og eg var med dei fyrste på plass. Konserten var gratis men det var sal av drikke (brus, øl og raki) og snacks til ein latterleg låg pris.
Så var det igang. Det var rigga til til fire musikarar, og ikkje tre som på plakaten. Det var kome til ein på vokal.
Og folk strøymde på. Det såg ut som dei fleste kjende kvarandre godt og stemninga steig.
Eg må innrømma at kjensla av å vera til dei grader iaktakar, har eg sjeldan opplevd .Det vart både musikk og dans. Og damene i alle aldrar, dominerte dansegolvet i kjend gresk tradisjon.
I alle fall så lenge eg var til stades. Karane kom kanskje med etterkvart.
Eg kjende det var tid å forlata scena og rusla ned til balkongen min i måneljoset. I etterkant har eg forstått at han som hadde vokalen, i tillegg til strengeinstrument, er ein ganske kjend musikar i Hellas. Men eg fekk diverre ikkje med meg namnet.
Sidan eg no har fått meg sykkel, tenkte eg at det skulle utnyttast til fulle. Men med ein varme av dette slaget, kjenner eg at eg nok held meg til låglandet og ikkje opp i dalsidene og på åskantane, slik eg har gjort tidlegare.
Etter å ha foreteke ein test-tur, skjøna eg fort at mangelen på polstring av setet nok kunne føra til øm bakdel.
Men gode råd (frå meg sjølv) var ikkje så dyre.
To oppvask-svampar, medbrakt gaffatape og ein hoveklut (såkalla bandana) som trekk.
Det gjorde susen. Polstring etter oppvaskmetoden.
Så vart det Spinalonga i år også. Alltid noko nytt å oppdaga og i ein slik varme ei lita utfordring.
Til og med sikadene var musestille. (ja for det er sikader og ikkje sirissar, som eg kom i skade for å skriva tidlegare. Det er no retta. Red anm.)
(Spinalonga er nærare omtala i innlegg 18.09.2018 og 19.09.2019) Og stakkars katten, korleis den no har hamna der, såg ut som han var meir eller mindre i koma, der han låg utanfor eit hus. Frisk og kjekk synte det seg.
Men det blæs på toppane, så eg bretta Vossajazz-capsen saman og putta den i lomma for å nyta brisen i håret. Då eg etter ei stund skulle ta han på att, var den ikkje der!! Litt krise.
Eg vandra same ruta attende til der eg hadde tatt han av, men ingen caps å sjå.
Eg gjekk til utgangen og vedgjekk at eg hadde førsøpla området i form av ein svart caps. Då kunne dama fortelja meg at det låg ein sli ein i porten! Kanskje det var min?
Det var det. Nokon hadde forbarma seg over den. (sikkert pga logoen)
Då vart det "glad-dame-selfie". Så glad at eg trassa varmen og tok ein runde til.


Og no har eg drukke kaffi til tonane av Aha sin låt "I've been loosing you" med gresk arrangement og instrumentering..
Interessant.
Det var noko kjent, men det tok litt tid før eg tok han.
Ja, det er varmt og det er vakkert.
Og eg tenkjer at slike tankar gjer eg meg også heime, når Hardanger syner seg frå si beste side.
Tre karar på strengeinstrument og ein liten lyttarskare, beståande mest av turistar. Kor feil kan ein ta.
Det var rigga til med ein god del stolar utanfor kyrkjedøra og eg var med dei fyrste på plass. Konserten var gratis men det var sal av drikke (brus, øl og raki) og snacks til ein latterleg låg pris.
Så var det igang. Det var rigga til til fire musikarar, og ikkje tre som på plakaten. Det var kome til ein på vokal.
Og folk strøymde på. Det såg ut som dei fleste kjende kvarandre godt og stemninga steig.
Eg må innrømma at kjensla av å vera til dei grader iaktakar, har eg sjeldan opplevd .
I alle fall så lenge eg var til stades. Karane kom kanskje med etterkvart.
Sidan eg no har fått meg sykkel, tenkte eg at det skulle utnyttast til fulle. Men med ein varme av dette slaget, kjenner eg at eg nok held meg til låglandet og ikkje opp i dalsidene og på åskantane, slik eg har gjort tidlegare.
Men gode råd (frå meg sjølv) var ikkje så dyre.
To oppvask-svampar, medbrakt gaffatape og ein hoveklut (såkalla bandana) som trekk.
Det gjorde susen. Polstring etter oppvaskmetoden.
Til og med sikadene var musestille. (ja for det er sikader og ikkje sirissar, som eg kom i skade for å skriva tidlegare. Det er no retta. Red anm.)
(Spinalonga er nærare omtala i innlegg 18.09.2018 og 19.09.2019)
Men det blæs på toppane, så eg bretta Vossajazz-capsen saman og putta den i lomma for å nyta brisen i håret. Då eg etter ei stund skulle ta han på att, var den ikkje der!! Litt krise.
Eg vandra same ruta attende til der eg hadde tatt han av, men ingen caps å sjå.
Eg gjekk til utgangen og vedgjekk at eg hadde førsøpla området i form av ein svart caps. Då kunne dama fortelja meg at det låg ein sli ein i porten! Kanskje det var min?
Det var det. Nokon hadde forbarma seg over den.
Då vart det "glad-dame-selfie". Så glad at eg trassa varmen og tok ein runde til.
Og no har eg drukke kaffi til tonane av Aha sin låt "I've been loosing you" med gresk arrangement og instrumentering..
Interessant.
Det var noko kjent, men det tok litt tid før eg tok han.
Kjekt å fylgja deg på tur og du skriv godt Inger😊
SvarSlettTusen takk !!
SlettTusen takk !!
SlettTakk for inspirerende reiseskildringer, Inger. Det er alltid kjekt å lese det du skriver, så fortsett med det. Please 😉 Karin
SvarSlettTusen takk!! Lovnad gitt herved<3
SlettTakk for tur idag og, modige, gode syster mi!!
SvarSlett♥️♥️
SvarSlettFin forteljing, Inger. Har vore ein gong og berre ein dag på Spinalonga. Kjekt at du friska opp mine minne frå den gong.
SvarSlettTakk!
SvarSlettKjekt. Jysla kjekke tankar, ord og gjerningar! Takk fø at eg fekk ve'me deg denne dagen ogso! Klem! Mvh Arve
SvarSlett