Kvifor
ser dei på meg?
Har eg yoghurt rundt munnen?
Står
håret rett til værs?
Kanskje
dei berre er hyggjelege folk som smiler når eg går forbi?
Eg smiler attende.
Uansett – i går var på "fjelltur"
Med vatn i sekken, vandra eg
avgarde mot det eg visste var ein merka sti.
Før eg nådde bort der stien starta, møtte eg ein kar som stod i
vegkanten og helste. (Iført rosa lacoste piké-skjorte, red anm)
Høfleg som eg er, helste eg tilbake. Og då var me igang. Kor eg kom
frå, kva eg heitte, om eg var aleine. Han hadde fri heile dagen –
om me ikkje skulle reisa å bada? Kva hotell eg budde på og om me
kunne møtast i kveld. Her vart det null svar svar frå meg over
heile linja. Men til slutt tenkte eg at eg måtte sei noko og koma meg
vidare; "I want to be on my own", sa eg. Det var svar godt nok.
Eg snudde meg ikkje, men tok for sikkerheits skuld, ein annan og
meir befolka veg, enn eg fyrst hadde tenkt. Etter ei stund snudde eg
og fylgde planane mine. Det gjekk bra.
Ut frå mi vurdering av
mannen, hadde han heller ikkje gidda gått opp dei stiane eg klatra,
så eg følte meg ganske trygg.
Det
vart ein flott tur og lengta etter eit bad i havet temmeleg presserande etter kvart. Så det var på tide å snu.
På
vegen opp, gjekk eg forbi eit "smultronstâlle" av ein badeplass eg fann
dagen før.
Men jammen var det ikkje nokon som hadde kapra det!
Der stod ein svart bil parkert i vegkanten og tre folk hadde slått opp stolane sine under oliventreet. Og i treet hang det handkle til turk.
"Det var no tosje", tenkte eg –
"men lure
folk", tenkte eg.
Dei er sikkert vekke til eg kjem ned att.
Men
det var dei ikkje. Eg heiv meg likevel i havet og sette meg til å
lesa litt. I god avstand må veta. Her var nok av plass. Og fleire oliventre og få skugge frå.
Drikkevatnet
tok slutt og eg kjende at tarmane begynte å knirka. Så eg
pakka ihopa og tutla vidare. Tenkte å helsa på dei som sat under
treet, men dei såg meg ikkje. Så eg kikka berre på bilen og gjekk
forbi. Etter 10 meter kom det for meg; bilen var norsk! Norske skilt. BZ eller noko slikt. Kjøpt hjå Mikkelsen eitt eller anna! Jøss!
Det er jammen ikkje ofte eg treff nordmenn her i strøket. Det
har skjedd 4 gonger sidan 2014. Og det er for så vidt heilt greitt.
Ikkje det, eg eig ikkje denne staden. Men det er heilt greitt å
ikkje forstå alt som vert sagt rundt ein. Det gjev meg ekstra ro.
Så
nei, eg gjekk ikkje tilbake. Men tankane gjekk; Kor lang tid hadde
dei brukt på vegen? Kor hadde dei køyrt? Har dei hus ein stad?
Men eg snudde ikkje. Dei ville sikkert vera like mykje i fred som meg.
Det vart heimelaga salat på balkongen i staden. Og eg var samd med meg sjølv om at det hadde vore ein fin tur!
I dag til
frukost vart eg sitjande ved sida av ein svært snakkesalig og høgrøysta familie. Det gjekk heldigvis på italiensk, så eg greidde å nyta både yoghurten og kaffien.
Så lenge det foregår på eit språk eg ikkje forstår.
Som vanleg svært godt fortalt. Eg har venta spent på framhaldet frå flyturen.
SvarSlettSom eg gjerne har fortalt var me i det same området tidleg på 1980-talet i påska. Grønare landskap då. Tur over Lasithisletta hugsar eg godt. Det same gjeld busstur til Ireapetra og Sitia. Så tok med ein rutebåt attende AG. Nicolas.
Lukke til vidare frå Oddvar
Så kjekkt å lesa Oddvar.
SvarSlettKjent alt ihopa.
Har tenkt meg ein tur til Sitia i løpet av. Skal sjekka det med rutebåt. Men tvilar på at det framleis er mogeleg. Hadde vore kjekkt!
Framhald fylgjer
Ja, ola og kari’ar møter ein over alt, også der ein aller minst ventar det. Eigne røynsler i fjerne land har overraska meg til eg nesten byrja tru på spøkelser! Men, som du skriv, er det ikkje alltid like kjekt å måtta dela alt og alle med alt og alle. Nyt ferien og kos deg mest!
SvarSlett