Og kvifor går folk med sokkar i sandalane?
Det siste kan eg svara på; det er for å unngå gnagsår.
Med føtene fulle av små blemmer, vert det nok ein roleg dag idag.
Dessutan er eg solbrent. Mi feil - trudde eg hadde så jysla godt grunnlag og var ikkje så ivrig med smørjinga med Vossabia sin fantastiske solkrem. Dessutan har det blese kraftig og då vert ein fort lurt av kor sterk sola eigentleg er.
Fredag er marknadsdag. Då kjem det folk frå fjern og nær og sel allslags geier. Eg hadde greidd å gløyma att den nyinnkjøpte shortsen min frå Cubus og tenkte å finna meg ein ny på marknaden. Og det var nok å velja i.
Det vart ein svart ein, til overrasking for folk som kjenner meg.Ein av mine favorittfolk har ein logo eller kjennemerke eller signatur eller kva eg skal kalla det.
Dette har eg kjent til sidan eg vart kjend med han i 1983. Og på min leit etter shorts, openberra dette seg på ei
t-skjorte i str S. Stilig tenkte eg, og leita etter ei som kunne passa til min ven.
Det fann eg ikkje. Kun S og i damefasong.
Då kunne eg ikkje lata vera - det vart sjølvsagt både shorts og t-skjorte i handleposen.
Eg har trassa gnagsår og likevel rusla litt rundt i vinden.
På vegen traff eg mellom anna søppelbilar på jobb. Det var eit interessant skue. Ikkje løye her er mykje rusk og rask omkring!
Her er det same system som heime. Bosdunkane vert heiste opp og tømde inn i lastebilane.
Men i denne vinden fyk lett plast og anna lett materiale i alle retningar idet dunkane vert heisa opp. Kan ikkje berre skulda på at folk er slaurne.
Og det er berre å halda på hatten!
Til døme kan eg nemna då eg sjølv sat på balkongen med mitt ringe måltid kjeks og ost. Osten var pakka inn i porsjonspakkar av plast, og før eg visste ordet av det, var denne plasten på veg ut av sprinklene og til den frie natur!
Eg heiv meg etter, men til fånyttes.
Eitt og anna ukvems-ordet fann vegen ut der i einsemda, så det må ha vore litt av ei framsyning.
Ikkje løye at kofferten vert tung med alt eg skal dra med meg heim att.
Eg prøver å begrensa meg - og desse skattane kan umogeleg vega så mykje?
Og sikadene spelar om kapp i trea.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar