torsdag 11. august 2022

Eg samlar opp vitaminer


Det gjekk heilt fint denne gongen også.
Var på Flesland i god tid, takka vera skyss med gode folk som for tida har arbeidsplassen sin på Sandsli. Trass i at eg kjenner litt på kor vidt det er nødvendig å fly, så innrømmer eg igjen; eg elskar å fly. Og med cashpoints i gåve frå mine flotte kollegaer i Kode då eg slutta der, vart det Norwegian.
(tilleggsopplysning; Freddy Mercury stod att på bakken då me letta)

I Oslo var det nokre timars venting.
Og pga tilgang til luftrom over Ukraina (om eg høyrde rett), vart endå litt venting før me var på vingene.
Då senka roen seg. 

Bussen frå flyplassen i Heraklion gjekk då den skulle og ein superhyggjeleg drosje-sjåfør frakta meg det siste stykket fram til Maria og overnattingsstad. 
Eg tenkte sterkt på å hoppa rett i havet, men det vart med tanken.

Ja, så var eg her då. Og her skal eg vera ei stund. 


Eg er alltid ute etter å finna nye stader. Så etter ein kjapp dukkert, tok intuisjonen meg i den retninga eg kallar utover. No skal ikkje eg direkte påberopa meg ekspertise i retningssans, men det er ikkje så nøye i denne samanghengen. Utover bar det. På vegen kome eg i snakk med ein kar som selde billettar til båtturar. Han kunne fortelja at ein meget velståande russisk kar (meget kjent type, eigar av både fotballag og svære båtar), hadde prøvd å kjøpa opp området eg no var på veg til. Ei perla av ingenting. Han hadde hatt synfaring opp til fleire gonger og både statsminister og ordførar og andre, hadde vore med.
Lokalmiljøet gjekk til kamp mot planane og jammen måtte han gje seg!
Takk!



Her er det laga til med turstiar med merking til forveksling likt raud T i Norge. 
Det fører diverre med seg her som ellers, ein del plastflasker og anna plastgreier.
Om det er lokale grupper som har til mål å rydda opp, veit eg ikkje. Men eg kjende det klødde i fingrane. 
       



                       


Skritt-teljaren viser 18000 steg og eg finn ei ferskvass-kjelde. Ein stad som tidlegare vart nytta til klesvask.

Øya tek seg godt ut i solnedgangen og den lokalproduserte vinen smakar faktisk nydeleg.

              

Framhald fylgjer 


2 kommentarer:

  1. Mine opne sansar sensar deg hjarteleg tilstades der du i ditt feriemodus høyrer heime! I dagane som kjem, nyt med velbehag i lange drag alt og alle, akkurat som me her i mor Noregs tropevarme sørland gjer. Klem!

    SvarSlett
  2. Wow, så fin ferie og så innmari kjekt å lese👍 Kos deg masse☀️😎

    SvarSlett