mandag 15. august 2022

Jomfru Maria himmelfart

 (Bilde: katolsk.no)

Idag er det jomfru Maria Himmelfart.
Ei stor høgtid i den gresk ortodokse og katolske verda.
Assuptio Mariae på latin.
Det er dagen dei markerer at Maria vart tatt opp til himmelen med kropp og sjel.
Dette var tidlegare også ein viktig merkedag i Norden og har eige merke på primstaven; eit innramma kors. (kort summert etter wikipedia)


Eg hadde faktisk forventa stengde butikkar og ro i gatene i dag, då dette er ein offentleg heilagdag. Men der tok eg grundig feil. Her er det fullt liv. Til og med apoteket er ope og eg har sikra meg ny forsyning av Leukoplast, type strong, for å plastra mine såre bein.

Eg set på balkongen og nyt brisen og utsikta. Blågrønt hav så langt du ser. I alle fall fram til land på hi sio. Vindmøllene oppå toppen av åsen der over, benyttar seg av vinden og produserer straum som forhåpentlegvis vert nytta internt og ikkje frakta utanlands. Båtane går i skytteltrafikk som alltid og alt virkar som normalt.

Eg ventar på sykkel. Min gamle (mykje yngre enn meg då) ven Nickos var her faktisk med sykkel til meg i går. Men då overleveringa ikkje klaffa, skal eg få den i dag. Eg har ordna meg parkering hjå Yannis, eigar av restauranten i fyrste etasje og ser fram til å ta ut i alle retningar der det er forsvarleg å ta ut med sykkel. Med andre ord – det begrensar seg. Her er køyremønsteret nokså annleis enn heima i Grove. Det går unna og i heller høg fart til å vera i tettbygd strok.
Men motorsyklistane og scooter-kørarane brukar i alle fall hjelm. Det skal dei ha. Det er berre det at dei "gløymer" å festa stroppa under haka....

Maria i resepsjonen var i skikkeleg godlag i går og fortalde meg mykje.
Ho er mest stø i tysk og heldigvis beherskar eg språket ganske ok.



Ho tipsa meg om å ta ein tur opp i Kato Elounda, noko eg gjorde i dag.
Ein vakker bitte-liten stad, og sjølvsagt med ein liten kafé. Restar etter heimar som har vore og heimar av nyare dato, står vegg i vegg.
I morgon kveld skal der vera konsert med tre musikarar på strengeintrument.
Mulig det vert ein tur til opp dit




Eg forhøyrde meg om evt langtidsopphald i residensen og det skulle no endeleg lata seg gjera til ein overkomeleg pris. Men då etter hennar anbefaling, noko seinare på året.

Den som lever og har helsa får sjå.


                               

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar