Då eg tok ut ferie og gjekk av med afp 1. april, sette eg meg som tidlegare nemnt, ned og tenkte; kva gjer eg med den fridomen som denne situasjonen gjev meg?
Og lukka eg kjende då eg trykka "bestill" på ein einvegsbillett til Kreta, var uendeleg!
Eg må likevel vera ærleg om at tanken på einsemd hadde streifa meg. For framleis dukka saknet etter kjærasten opp i ulik grad, sjølv 7 år etter at han gjekk bort.
Men eg har ikkje tenkt å lata det styra livet mitt og har levd deretter.
Og i dag er det ny månad.
"Kalo mina" sa eg til meg sjølv og vende om kalenderbladet til august;
"Your secret super power is your intuition" stod det å lesa.
Intuisjonen helsa på meg "kalo mina"
Eg går inn i august med jordkloden på fingertuppen, så lenge økonomien og merkverdige virussjukdomar tillet det.
Det vart uansett noko langt anna enn einsemd gjennom denne fyrste delen av mitt afp-tilvære.
Det har gått i eitt sidan dag 1.
Eg har vore både gjest og vert.
Kvar gong eg får spørsmålet; "korleis er det å vera pensjonist?", veit eg ikkje om eg kan svara ærleg, for eg kan ikkje tru at denne overdosen med sosialt samvære kan vara varig. Og her stiller eg meg litt spørjande.
Eit kort resymé frå april til d.d., i form av bilder;
Og endeleg - attende i Hardanger.
Uansett - eg har så vidt tatt fram den firkanta kofferten eg arva av salige Vera. Den har stått på vent sidan september 2019.
Han var fast reisefylgje til Kreta dei tidlegare åra, og gjer nok nytten denne gongen også.
Framhald fylgjer.
Detta ska du ha kjære ekstra syster …. Den styrste glea ein kan ha, er å gjera andre gla’ …….. og takk fø da Inger. Kos deg masse på Kreta med alt og alle dine tankar, ord og gjerningar. Da ska’ du veta at da gjer eg og mange med meg. Mvh m/klem, Arve
SvarSlettTusen takk, Arve <3
SlettSo kjekt!!!!! Du er god til å sjå det gode!!!!
SvarSlettTusen takk!
SlettOg til å skriva !!!
SvarSlettTusen takk!
SvarSlett