Eg har hatt ein draum om å gjenta ei reise eg gjorde ilag med to veninner, i 1982-83.
Men verken økonomi eller tid har førebels gjort dette mogeleg .
Nyleg fekk eg tips om ei relativt ny bok "Hippiereisen" skreven av Birgit Løitegaard. Ho skildrar fyrst ei reise gjort av ei modig ung dame, frå London til Kathmandu med lastebil.
Og deretter livet vidare rundt i Asia, slik ho opplevde det.
Denne siste delen fekk meg igjen inn i dagbøkene mine frå den gong då.
Erindringar, luktar og smakar eg ikkje har lukta og smaka på på ei stund.
Spennande opplevingar eg hadde gløymt. Gleda av ein dusj, toalett p sitja på og for ikkje snakka om seng med sengekle.
Det som også dukka opp, var ei felles oppfatning av å heile tida føla seg forsøkt "lurt" og ein evig kamp om det.
Etter alle disse åra virkar det heilt idiotisk at me dreiv å pruta på ører, men den gong då var det om å gjera å få kronene til å vara lengst mogeleg slik at reisa kunne vara og vara og vara.
I dag er det å vera ryggsekkturist (traveller) ikje så uvanleg. Mange tek seg ein tur til fjerntliggjande strøk, etter vidaregåande.
Den gongen var det ikkje fullt så vanleg og me skreiv reisebrev til lokalavisa.
Brev heimante vart sendt til adresse post restante og plukka opp på postkontor rundt omkring, alternativt på konsulat og ambassadar. Og telefonering var fullstendig utenkjeleg.
Tankane mine om å ta reisa på "loffen" slik eg har tenkt på, trur eg kanskje er eit forbigått kapittel. Og tilstandane rundt i verda har endra seg såpass, at ingen ting kan verta ein reprise på det som var. Og ikkje veit eg om har lyst til å prøva eingong.
Men fint å drøyma!
Takk til Birgit Løitegaard og ho som tipsa meg om boka.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar