coronahahahaha..... osb
Det likar eg (ikkje) å få...........
(fritt etter "den glade vandrer")
Då kan eg (endeleg), som så mange før meg, seia
"så var det min tur"
"så var det min tur"
Når - kor og korleis, kan eg ikkje dokumentera. Men når ein er så tosjen at ein flyttar seg rundt omkring, er det vel ikkje anna å venta.
Corona vart det - og steikje kor sjuk eg var.
Corona vart det - og steikje kor sjuk eg var.
I eitt døger.
Så kom det seg sakte men sikkert. Litt slapp og fesen, men ok.
No er eg såpass at eg er på veg heim att og snart klar for neste utflukt.
Er eg immun ei stund no, eller?
No er eg såpass at eg er på veg heim att og snart klar for neste utflukt.
Er eg immun ei stund no, eller?
Lettare lysebrun i huda og med salt i håret, eg eg fornøygd med mitt opphald i syden (syd-Danmark). Og eg er så lukkeleg for at eg vart sjuk med tilgang sjukepleiar!
Litt stusseleg å vore heilt aleine på eit hotell ein eller annan plass.
Litt stusseleg å vore heilt aleine på eit hotell ein eller annan plass.
Eg har sjekka Yr - og dei fortel meg at heime er det veldig vått og litt kaldt. Ikkje som Marielyst akkurat. Av slik natur kan ein verta frisk som fisk på eit øyeblikk.
No er baggen min endå tyngre. Ikkje fordi eg har handla danske varer.
Heller fordi det er svært komplisert å bevega seg på eit underlag så fullt av juvelar, utan å plukka med nokon heim.
Livet på ein flyplass, er som på flyplassar flest.
Folk kjem og går
Mange språk surrar rundt og borna leikar som born flest.
Kaffi vert kjøpt og kaffi vert selt
Og det heile i fred og fordragelegheit.
Surrealistisk å tenkja på kva som skjer uti verda.
Fullstendig surrealistisk.
Fullstendig surrealistisk.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar