Det er tirsdag.
Eg kom heim i går kveld, etter ei heil veke i Vossajazz sin sfære.
Og med siste konsert "Heim med Joni" sterkt i minne, kjendest det naturleg å koma heim til Joni.
Så no har eg rota fram det som finst i heimen av denne dama i musikkform.
Ikkje berre i mine cd-hyller (Ja! Eg har framleis disse i stova!!), men ute i det store intet.
Ei speleliste kalla "presenting Joni Mitchell" fangar mi interessse.
Ut av dei beskjedne høgtalarane mine, kjem det smygande kjende og ukjende låtar frå denne familiære stemma og eg vert reint andektig her eg står og skjenker nykokt vatn opp i filterhaldaren av porselen som eg fekk av sonen min til jul.
Canada vart til Modalen i norsk versjon ("A case of you" - "Ein kasse av deg"). Joni si bestemor kom frå Modalen.
Min bestefar budde fleire år av sitt liv i nøyaktig det same område av Canada der Joni vaks opp. Han budde i Neidpath, nær Swift Current, Saskatchewan. Vel nært og nært - omlag 3 timar i bil frå Saskatoon.
Kaffien er klar.
Bukettane eg fekk av kollegaer då eg hadde min siste dag på Kode, står framles fint etter å ha fått stilkane kutta.
Det kjennest heilt ok.
Heilt greitt.
En riktig god påske ønsker jeg deg, Inger!
SvarSlettTusen takk!!
Slett