torsdag 31. mars 2022

Det er neimen ikkje spøk

kjelde: bygdekvinnelaget.no

Livet del  - ja sei det?
Vegen vidare tok i alle fall brått ein uventa sving. 

Eg har kome ut av teljinga i antal deler livet mitt har hatt. 
Men no er definitivt livet på veg over i ein del eg ikkje hadde sett for meg koma før om svært lenge. 
Livet - del PENSJONIST.


Frå og med 1. mai er eg AFP'ar. (Er det ein tittel, forresten? ) 
Det var ikkje heilt det eg hadde tenkt. Men alle omstendigheiter tatt i betraktning, så vart det slik. 
Eg er letta  - men trist.
Trist for ikkje å treffa dei ufatteleg mange og kjekke folka eg kvar dag møter i jobbsamanheng. 
Trist fordi eg ikkje får brukt kunnskap og erfaring i jobbsamanheng. 
Letta fordi eg no er min eigen herre - innanfor dei rammene som er mogeleg.
Og fyrst vert det ein månads ferie.

Siterer Maria Robinson;
Ingen kan gå tilbake og lage en ny begynnelse, men alle kan begynne i dag og lage en ny slutt

Kjelde: groholter.no
"Så kva står på programmet no?",  spør dei som har høyrt om planane.
"Kva skal du gjera på no då?", spør dei.

Programmet? tenkjer eg då. 
Det er no eg ikkje skal ha noko program. Det er no eg skal leva i nuet og med vinden. 
Fri som fuglen.

Det er ikkje lenge sidan eg snakka med ein pensjonist.
Eg røpa ingenting til han om kva eg sjølv hadde planar om.
Men han byrja uoppfordra å snakka om kor bale det var å ikkje jobba. Han kjeda seg.

Men er det eit gen eg ikkje har fått utdelt, så er det "kjede-genet".
Eg veit ikkje kva det er å kjeda seg. Det har eg sjeldan eller aldri vore i befatning med. 
Det er nok av hendingar å engasjera seg i. 

Eller ikkje. 


Så nyhende denne 1. april, er ingen spøk. 
Skal sjå det vert ein av dei gode tinga i livet. 

I Norheimsund er dei i ferd med å byggja att strandlinja si. Nye høge bygg for folk å bu i, reiser seg i flomålet.
No lyt ein heva blikket. 
Det har eg også tenkt å gjera. 
(og eg har gyldig pass)








Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar