(foto: Brit Aksnes)
Mor mi sa alltid at ei ulukke kjem aldri aleina.
Gjerne tre, sa ho.
Og no har det skjedd tre "ulukker" og eg kjenner at no byrjar det å verta nok.
Det starta med min etterlengta vinterferie til Tromsø, mandag 17.01.. Bussen gjekk frå Grove kl 07:00 og eg hadde ein masse med tid.
Heilt til me kom til Åsane. Der var det heilt stopp!!
Ein trailer hadde fått mototstopp i Fløyfjellstunellen - trafikk-kork heile vegen inn til sentrum.
Hjarta slo litt kraftigare og litt fortare. Og klokka gjekk. Det nærmar seg avgang.
Hjarta slo endå fortare og hardare.
Så sa det "pling" i telefonen.
Melding frå Widerøe; avgang utsett til klokka ein time fram.
Hjarta slo litt saktare. Og litt rolegare.
Litt.
Roen hadde senka seg då eg kom fram til busstasjonen i Bergen. Me hadde godt med tid og eg ok bybanen frå Bergen sentrum til Flesland.
Og flyavgang frå Bergen gjekk nesten etter ny rute. Eg hadde til og med nok av tid til å nå dei filmane me skulle sjå første dag under Tromsø Internasjonale Filmfestival.
Framme i Tromsø kom bagasjen raskt på bandet.
Men var det vår bagasje? Ingen svarte koffertar eller baggar.
Me venta.
Og venta.
Og venta.
Last bag on belt.
Det einaste me hadde sett på bandet så langt, var raude treningsbaggar og gule verktøykassar merka med, ja, nettopp - omicron.
Her burde det kanskje gått ein alarm.
Nokon av mine medpassasjerar reagerte og byrja leita etter flyplass-personalet.
Dei knakka på dører og spurde folk som såg ut som om dei hadde noko med det. Utan å lukkast noko særleg. Men til slutt var det ein kar som sa:
"kor lenge har de venta? Å, berre ein halv time? Det er no ingen ting. De får venta litt til"
Så me venta litt til me då.
Men oi - brått var all informasjon om bagasje frå Bergen vekke.
Hm. Kva skjedde no?
No var det fleire som reagerte. Og endeleg kom det ei myndig dame ut med skilt og samband og såg ut som ho hadde eit svar til oss.
Og det hadde ho - om enn litt uventa:
"Widerøe hadde nedskalert flyet i Bergen og valgt å la bagasjen vår stå att der"
Dette var ein absolutt ny og interessann situasjon.
Og kva gjorde me så? Jau, me måtte melda bagasjen forsinka på eit digitalt skjema og så ville den koma til oss same kveld.
Det var berre det at for min del kom det feilmelding kvar gong eg prøvde å senda inn dette skjemaet. Så etter tre forsøk, ringde eg Avinor og ein hyggjeleg kar der tok det manuelt over telefon. Han kunne då fortelja at me tidligast ville få bagasjen dagen etter.
Javel.
Og ved nærare ettersyn, oppdaga eg at sålen hadde løsna. Heilt nye sko, kjøpt for fire dagar sidan.
Og ingen bagasje var komen.
- kor det sjølvsagt var pakka ned ekstra sko må veta.
Jadå.
I Tromsø om vinteren - med ein sko.
Sidan den hyggjelege karen på flyplassen kunne melda at på grunn av dårleg vær, ville ikkje bagasjen verta køyrt ut før langt på neste dag, kom eg meg - i lånte sko, til ein skobutikk og nye sko vart innkjøpt.
Så langt så godt.
Optimistisk som eg er, tenkte eg at no var det berre å få bagasjen så var alt på stell.
Men der tok eg feil. Etter ei natt i fred og ro, oppdaga eg at telefonen min låg på golvet i to deler. Skjermen hadde løsna etter eit fall frå svært lav høgde i løpet av natta.
Oi. Eg sette skjermen på att og telefonen fungerte heilt fint.
I alle fall fram til at eg snubla i trappa på kinoen dagen etter.
Då var det natta for min kjære Nokia.
Smart som den var (telefonen), låg jo alt eg trong av alt som finst, på den, så no var gode råd dyre.
Bokstaveleg tala. Heilt til syster mi kom på at ho hadde ein liten iPhone liggjande heime i skuffa.
Likevel vart det litt uhell i hellet - sidan eg akkurat hadde sagt opp mitt noverande abonnement og den nye levrandøren skulle tre i kraft same dag.
"Kor er alle nummer hen....?"
Og idet det nye simkortet skulle vera i drift og det gamle ikkje var i drift meir, hadde den nye operatøren aktivert feil simkort. Dei hadde sendt eit til meg i posten til Norheimsund. Medan eg hadde bede om å henta det på Narvesen i Tromsø.
Og kva no då?
Er det noko meir?
Me flytta heim til syster mi, som bur nokre mil nord for sentrum. Det medfører litt køyring, men det gjekk bra. Heilt til søndag.
Med planar om ein siste film under TIFF, fekk me greia på at vegen mellom oss og Tromsø var stengt på grunn av fare for ras, og at me difor ikkje ville koma oss heim etter filmen om me drog innover.
Kjempeskoy
Då var det berre å kle seg etter vær og føre og mangel på vegljos og gå seg ein god tur før ein betre middag i heimen.
Flyet sørover går mandag kl 14:15.
Håpar vegen er open.
Det var den. Eg kom meg heim utan noko meir drama.
Jysses, ha'kje høyrt på makjen te hendingsrik reis te Tromsø! Når sant skal seiast, aldri kjedeleg med reiserapport frå deg, om da berre e frå pendlaren te /frå by'n. Du får da te uansett: Ut på tur, aldri sur! No sit eg her i 'sydens' sol og fullmåne og kryssar alle fingrane, tedna, bein og armar etter beste evne. Måtte alle dine veners tankar, ord og gjerningar syta for hell og lukka under heile returen frå dør te dør heim te Norheim. Eg ve sjå deg undervegs frå 14:15 på Flightradar24. Lukka ta! Reiseklem!
SvarSlett