onsdag 17. november 2021

Balansegang

 

Værmeldinga er ikkje slik den ein gong var.
Sjølv om værmennene (Ja, det var berre menn) stilte i dress og la fram både godt og dårleg vær og lokale regnbyger og snø på fjellet, iført dress, så haldt dei beina godt planta på jorda.
Trur eg.
Det gjer dei jo for så vidt framleis. Mennene. I dress meinar eg.
Men damene derimot, dei stiller i stilett.
Det same gjer damene som formidlar nyheitene.
Og sjølvsagt også damene i underhaldnings-avdelinga.

No skal det seiast at eg kun har tilgang til nrk, så dette er då snakk om denne kanalen.
Og ikkje alle program her eingong, har nådd inn i mi stove, så eg er muligens ute på litt tynn is. 

Men likevel - det imponerer meg. Disse damene i stilett.
Det imponerer meg at dei greier halda balansen! 
At dei held ut eitt heilt program inni disse smale, spisse og høge skoa!
Er dette ein del av uniformen? Har arbeidstilsynet vore inne i bildet her? Er dette definert som komfortabelt arbeidstøy? 
Er det mange hendingar av overtrakk? 
Fall frå lav høgd? 
Eg må berre sei at eg har stussa meir enn ein gong der dei vaglar rundt. 
Vert det arrangert stilett-kurs?


Som ein naturleg parallell, har det slått meg at påfallande mange heller ikkje greier å halda balansen i skattesystemet vårt. 
Det er krevjande å orientera seg inne i dette regelverket. Og personleg måtte eg ha hjelp frå jurist for å forstå det.
Noko eg likevel ikkje gjorde, men stola på kompetansen til juristen.

Så då er det kanskje ikkje så merkverdig at det til dømes er komplisert å tolka regelverket for betalt bustad gjennom arbeidsgjevar.
Sjølv om folk er sette til å styra landet, er det ikkje sikkert at alle juristar.
Så det er ikkje så enkelt det her. 

Me vaglar rundt på livets stiletthælar.
Nokon med stil, me andre kanskje ikkje fullt så stilig alltid.
Me trakkar over og det gjer vondt ei stund. Så går det over. Kanskje får ankelen ein kul som aldri går vekk. 
Eller så vert ankelen meir kjenslevar og det er lett for å trakka over på nytt. 
 
Det kan mange gonger vera øvelse nok å balansera på låge og komfortable sko om ein ikkje skal opp på 10-12 cm hælar. 

Bileta er henta ned frå nettet



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar