Sakte sakte går me mot normalen - eller? Del 3
Av og til tek det litt tid å få samla minner. Opplevingane kjem langsamt og nye opplevingar kjem inn og oppheld tida litt.
Som avslutninga på ferien min med opning av Norge under min favoritt-festival
Vossajazz!
Kor var du 25. september klokka 16.?
Ikkje at det klokkeslettet er så viktig. Men det var no då det skjedde.
Men før eg kom dit, hadde eg nok nokre dagar i utlandet! Altså i Danmark, nærare bestemt Falster.
Med fuglar i spiss formasjon retning varmare strok, bølgjer, regn og vind, var definitivt kjensla av sommarferie ganske fjern.
Dodekalitten.
Ute på ei eng på Lolland, står kunstverket Dodekalitten.
Oversatt frå gresk tyder det tolv steinar.
Som på Påskeøya, står dei.
Her tolv steinstøtter i ring.
Figurar på opp til 9 meter i høgd. Seks av dei med uttrykksfulle ansikt. Resten ventar framleis på å få personlegdom og er venta ferdig i 2025.
17-18 grader i havet baud definitivt inn til bading. Utfordringa var dei høge bølgjene.
Her var det berre å la det stå til - hoppa høgt eller stupa inn i bølgjene.
Heime att til dei norske fjell i syningom. Eins å sjå?
Godt å forlata. Godt å sjå att.
Men minna har eg samla og deler litt med deg - inn i skoddeheimen

Den opprinnelege idé var det komponist Gunner Møller Pedersen som stod bak og utvikla då dette saman med Thomas Kadiziola.
Fyrste meiselhogg fann stad i 2010.
Seinare trekte Møller Pedersen seg ut av prosjektet og Siegel kom inn.

Men det var Møller Pedersen som fyrst kom over sagnet om Lolerne, eit fiktivt folkeslag som knyter kunstverket til ein forestilling om dei menneska som vandra inn til Lolland for 7500 år sidan.
Den permanente lydinnstallasjonen "Solkreds" er komponert av Wayne Siegel.
Dette er 12 stemmer som kvar presenterer seg frå kvar av dei 12 skulpturane.

Med havet som bakteppe, opplevde eg dette ganske magisk midt uti flatlandet.
Eg veit at Brødrene Grimm var tyske. Men historien om Hans og Grete må definitivt ha oppstått på ein utfart til Danmark.
Kakene på huset til heksa er plukka ned eller oppetne - ikkje veit eg.
Men huset står, tomt og forlatt, i hagen til eit enormt gods på Lolland.
Thomas sitt minne har fått sitt skilt
(om dog ein blindveg)
Kakene på huset til heksa er plukka ned eller oppetne - ikkje veit eg.
Men huset står, tomt og forlatt, i hagen til eit enormt gods på Lolland.
Thomas sitt minne har fått sitt skilt
(om dog ein blindveg)
17-18 grader i havet baud definitivt inn til bading. Utfordringa var dei høge bølgjene.
Her var det berre å la det stå til - hoppa høgt eller stupa inn i bølgjene.
Heime att til dei norske fjell i syningom. Eins å sjå?
Godt å forlata. Godt å sjå att.
Men minna har eg samla og deler litt med deg - inn i skoddeheimen

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar